Regjeringspartia vil fjerne taket på kompensasjon til pelsdyrbøndene

Høgre, Frp, KrF og Venstre på Stortinget vil dekke kostnadar for å fjerne bygg, gi individuell kompensasjon og betre pensjon for pelsdyrbøndene. Norsk Pelsdyralslag er skuffa.

– Eg er svært skuffa over det som er lagt fram, seier pelsdyrbonde og leiar i Norsk Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

På Stortinget var det derimot optimistisk stemning då talspersonane frå dei fire regjeringspartia onsdag la fram sitt nye forslag for kompensasjon for pelsbøndene.

Regjeringa har vedteke å legge ned heile pelsdyrnæringa i Noreg, etter initiativ frå Venstre.

– Dette er først og fremst ein god dag for dyrevelferda i Noreg, men også pelsdyrbøndene har god grunn til å vere nøgde med det vi har komme fram til i samarbeid med dei fire partia i næringskomiteen, seier André N. Skjelstad (V).

– Sjølv om dette er ein vanskeleg sak, håper vi at vi er der at vi kan seie at vi imøtekomme pelsdyrbøndene på ein god måte, seier Margunn Ebbesen, Høgres landbrukspolitiske talsperson.

Margunn Ebbesen på pelsauksjon i København

Margunn Ebbesen (H) på pelsauksjon i København.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fjernar kompensasjonstaket

KrFs talsperson, Steinar Reiten, seier til NRK at dei no fjernar kompensasjonstaket på 505 millionar kroner som regjeringa la i stortingsproposisjonen om å legge ned pelsdyrnæringa.

Han veit ikkje kva totalbeløpet no vil komme på.

– Men at beløpet vil bli betydeleg høgare, det er det ikkje nokon tvil om, seier Reiten.

Pelsdyr

Regjeringa har vedteke å legge ned pelsdyrnæringa i Noreg.

Foto: Arild Eskeland / NRk

Dette er innstilling frå regjeringspartia:

  • Riving/opprydding: Ta eit større ansvar og dekke dei faktiske kostnadane knytt til riving og opprydding av pelsdyrhus.
  • Kompensasjon for ikkje-realiserbar kapital: Styrke kompensasjonsordninga gjennom å rekne ut ein individuell kompensasjon basert på bokført verdi. Det tek omsyn til gjeldssituasjonen knytt til pelsdyrdrifta på kvart enkelt bruk. Det såkalla tispetillegget ligg fast.
  • Omstilling/pensjon: I tillegg til dei 100 millionar kronene i omstillingsmiddel, vil dei utvide kompensasjonsordninga slik at det blir kompensert for lågare årleg alderspensjon som følge av uttak av alderspensjon tidlegare enn fylte 67 år.

I tillegg går dei fire partia inn for «individuell behandling på bruksnivå av alle aktive pelsdyrbønder».

– Totalramma på 505 millionar kroner som står i proposisjonen er å forstå som eit overslagsløyve, understrekar Morten Ørsal Johansen (Frp).

Han trur bøndene no blir nøgde med det dei får.

– Ordninga blir vesentleg betre, og dei får kompensert for dei faktiske kostnadane dei har og for gjelda som er knytt til drifta, og dei eldre får høve til å ta ut tidlegpensjon, seier han til NRK.

Skal legge ned pelsdyrnæringa

Forslaget om å forby pelsdyrhald i Noreg innan år 2025 kom etter regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Frp og Venstre i fjor.

I november føreslo regjeringa å gi ein kompensasjon til dei ramma pelsdyrbøndene på til saman 365 millionar kroner. Pelsdyrbønder varsla at dei kunne bli gjeldsslavar med det tilbodet.

Denne summen vart auka i neste runde til om lag 500 millionar kroner, då Lov om forbod mot hold av pelsdyr blei lagt fram i april.

Anslag frå Oslo Economics og Samfunnsøkonomisk analyse, syner at kompensasjonen må opp på eit nivå på om lag 2 milliardar kroner for å kunne dekke reelle kostnadar, tapte investeringar og tap av framtidige inntekter, ifølgje Bondelaget.

Ap: – Forslaga er uklare

Nils Kristen Sandtrøen (Ap) i næringskomiteen meiner det nye tilbodet frå regjeringspartia er uklart.

Han påpeikar at det med individuell kompensasjon allereie stod i forslaget frå regjeringa.

– Dette vil truleg bli ein relativt svak kompensasjon for ein del, men vi må sette oss inn i detaljane, seier Sandtrøen.

Ap vil også legge ned pelsdyrnæringa, men sørge for ein god kompensasjon for bøndene.

Kor mykje vil de gi pelsdyrbøndene?

– Det er ikkje mogleg å seie eksakt tal, men prinsippet er det viktige. Vi meiner det bør ligge ekspropriasjonsrettslege prinsipp til grunn, i tråd med det faglaga har sagt, seier Sandtrøen.

Fjerna rammene

Johansen i Frp forklarar at individuell kompensasjon no er lagt inn for kvart enkelt endringsområde. Tidlegare var det rammar for kompensasjonen, påpeiker han.

– Tidlegare ville du til dømes ikkje fått kompensert dei reelle kostnadane på riving, seier han.

– Det har komme krav om 2 milliardar frå bøndene. Kan kompensasjonane no komme opp i det?

– Det har komme fleire ulike rapportar på dette. Nokon bygga på tapte inntekter i 30–40 år fram til bøndene er pensjonistar, men det er ikkje rimeleg når det er stort høve for at du kan finne noko anna å gjere også på den tida, seier Frp-politikaren.

– Men det er ingen øvre rammer no?

– Summen blir det det blir. Det meste av beløpet kjem til å gå til riving av gardane, seier Johansen.

Fv. Bertran Trane Skadsem, Morten Ørsal Johansen og Geir Pollestad

Fv. Bertran Trane Skadsem frå Noregs pelsdyralslag, Morten Ørsal Johansen frå Frp og Geir Pollestad frå Sp på auksjonshuset Kopenhagen Fur i mars. Ørsal Johansen har fått seg ein smiley i pels.

Pelsbønder er skuffa

Norsk Pelsdyralslag ved Bertran Trane Skadsem skulle ønske regjeringspartia var samde med Ap og følgde ekspropriasjonsrettslege prinsipp.

– Regjeringspartia legg opp til å følgje prinsipp om bokført verdi, men det undergrev høvet for ein skikkeleg individuell vurdering. Vi er utruleg skuffa i dag, seier Skadsem.

Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, stemmer i.

– Ei individuell vurdering bidreg eit stykke på vei, men den bokførte verdien speglar ikkje på nokon måte den reelle verdien av ein pelsdyrgard og det livsverket det er. Det hjelper ikkje med individuell behandling når sjølve prinsippet for erstatning er heilt feil, seier Bartnes.

Pelsdyrbonde Jan Arild Seldal fra Sandnes

Pelsdyrbonde Jan Arild Seldal fra Sandnes har delte meiningar om regjeringspartia sin nyaste innstilling.

Foto: Thoms Ystrøm / NRK

Pelsbonde Jan Arild Seldal frå Sandnes​​​​ er nøgd med at politikarane vil dekke riviningskostnadane.

– Men det som kom rundt verdien på farmane var nokså diffust. Det kan ikkje vere slik at sjølv om det er lite eller ingen gjeld på farmen, skal ein ikkje få nokon ting. Det er det eg fryktar etter tåketalen dei hadde, seier Seldal.

Dyrevernarar er letta

Dyrevernarar meiner tilbodet frå regjeringspartia no er godt nok.

– Regjeringa viser handlekraft i denne saka, når dei no sørger for at oppdrettarane kan begynne omstillinga, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

NOAH, ein organisasjon for rettane til dyra, ber no Arbeidarpartiet stille seg bak fleirtalet på Stortinget.

Dei som har valt å drive i strid med faglege råd om dyrevelferd, får no sjenerøs støtte til å omstille seg. Då bør alle parti som seier dei er opptekne av dyrevelferd stemme for det, seier leiar og veterinær Siri Martinsen i NOAH.

Innstillinga til fleirtalet i komiteen skal opp til behandling i Stortinget 13. juni. NOAH ser på det som ein historisk dag for dyrs rettar her til lands.

Etter mange års kamp for tomme bur, og ein utolmodig opinion, er dette på tide, seier Martinsen.

SISTE NYTT

Siste meldinger