Hopp til innhold

Padda har gjort inntog på Utsira

Overraskinga var stor då det blei oppdaga ei padde på Utsira. Aldri før har dette sleipe litle dyret blitt registrert i øykommunen på Vestlandet.

Nordpadde på Utsira

Det kan sjå ut som om padda blei like overraska av å støyta på ein fotograf som fotografen blei av å støyta på ei padde.

Foto: Atle Grimsby / Utsira kommune

– Eg trudde først det var ein sauelort, noko som ville vore langt meir vanleg her ute, seier Atle Grimsby som er miljø og plansjef i Utsira.

Men då «sauelorten» byrja å hoppa forstod Grimsby at han hadde med noko høgst uvanleg å gjera. Han fekk fotografert det som er den første registrerte padda på avsidesliggjande Utsira.

Håper den døyr ut

– Teorien er at nokon må ha tatt med padda frå fastlandet, men sidan padda kan bli heile 30 år gamal aner me ikkje når den har kome her, seier Grimsby.

Han legg til at det er gode forhold for padder på øya med fleire ferskvatn, men at det ikkje er ønskjeleg å innføra nye artar. Derfor håper Grimsby at dette er den einaste padda som er på øya slik at den vil døy einsleg.

– Den skal nok få store problem med å finna seg ein partner ja, seier han. Då han hadde gjort det sensasjonelle funnet skreiv han sporenstreks om det på kommunen sine bloggsider.

Oppdaga froskar i fjor

Det er ikkje første gong Utsira får seg ei amfibieoverrasking. Seinast i fjor blei det oppdaga fleire froskar på øya.

Nordpadde på Utsira

Atle Grimsby fekk også eit bilete av ryggen til padda før den haldt fram ferda si.

Foto: Atle Grimsby / Utsira kommune

Dette var svært oppsiktsvekkjande sidan det då ikkje hadde vore registrert froskar på lange tider.

– Før 1989 var det ikkje froskar her. Men då var det ein barnehagelærar som tok med seg froskar frå fastlandet i eit prosjekt der ungane skulle få sjå korleis froskane formeira seg, fortel Grimsby.

Sjølv om kommunen i dag frårår dette på det sterkaste blei froskane sett ut i naturen.

– Me trudde ikkje dei hadde klart seg på øya, men så kom det fram fleire froskar i fjor sommar, seier han.

Og nå er det padder som er den store snakkisen på Utsira. Og om nordpadda som blei oppdaga i går er komen for å bli vil visa seg. Uansett føyer ho seg nå inn i lista over registrerte ville dyr på Utsira. Den er som følgjer: Buttsnutefrosk, Brunrotte, Liten skogmus, Steinkobbe, Havert, Kvitnos, Kvitskjeving, Spekkhogger, Grindhval og Nise.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.