Hopp til innhold

Overskot for private barnehagar

Trygge barnehager i Haugesund har eit overskot på nesten ein milliard kroner i 2017, skriv Haugesunds avis. Overskotet på 923 millionar kroner skuldast store konsernbidrag frå barnehagane. Medeigar Eli Sævareid seier til avisa at pengane skal førast tilbake til barnehagane for å styrke eigenkapitalen. Trygge barnehagar har etablert 450 barnehagar og det offentlege gav 1,9 milliardar kroner i driftstilskot i fjor.