Hopp til innhold

– Ikkje nokon unnskyldning at han er student

Sjølv om Jørgen Horn er student må han, som alle andre, tilpassa eventuelle sprell på byen med den jobben han har, meiner sportsdirektør i Viking Egil Østenstad.

Horn Østenstad

Jørgen Horn (t.v.) vakna fredag morgon hjå politiet, dermed gjekk han glipp av Viking-treninga, og måtte stå over Start kampen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / Scanpix

Etter at fotballspelaren Jørgen Horn tok seg ein tur på byen førre veke og hamna på glattcelle måtte han stå over søndagens kamp mot Start.

Sjølv om Jørgen Horn spelar ein kamp for Viking 2 måndag, kan episoden få større konsekvensar for den unge midtstopparen.

– Han måtte stå over mot Start på søndag, men me skal sjå på om dette vil få større konsekvensar, seier Østenstad.

Fadderveke

Horn er student, og fredag kveld, då han fekk problem med politiet, var mens fadderveka stod på for fullt.

I fadderveka blir det arrangert mange typar bli-kjent aktivitetar for studentar, i mange av desse er alkohol ein viktig ingrediens.

Østenstad vil ikkje spekulera i om det var fadderveka som var årsak til at Horn måtte på glattcelle og ikkje rakk fredagens trening:

– Det er bra at me har studentar på laget, men også studentar må vita at det er noko som heiter tippekamp, då kan ein ikkje gjera slik, seier Østenstad.

Dårleg nytt

DÅRLEG NYTT: Dagens aviser har ikkje vore god lesing for sportsdirektør i Viking, Egil Østenstad. (Bilete er teke på Marbella, Spania)

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Ikkje særleg lurt

Tidlegare Vikingspelar Jørgen Tengesdal er fotballekspert i NRK, han meiner at dette er ekstra uheldig for Horn.

– Jørgen Horn er i ein situasjon der han burde bruka all energi på å jobba seg inn på laget, seier Tengesdal.

Han legg til at det er viktig for fotballspelarar å tenka på at dei også her eit ansvar som førebilete.

Skandaleråka Viking

Hendinga med Horn kjem samstundes som Åge Hareide blir skulda for alvorleg skattesvik.

Som eit lyspunkt rosar Østenstad Jørgen Horn for å ha vore open rundt hendinga:

– Horn har vore dønn ærleg i forhold til dette. Me treng ikkje bruka tid for å finna ut av kva som har skjedd, seier Østenstad.

Flere nyheter fra Rogaland