– Hald deg unna vegen når du har promille

Trygg trafikk vil ikkje ha eit forbod mot å sykle i fylla, men oppfordrar syklistane til å halde seg unna trafikkerte vegar når dei syklar med promille.

sykkel

Kvar helg hamnar personar på legevakta etter å ha sykla i rusa tilstand. Men det er ikkje ulovleg å sykle med promille.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

– Me vil oppfordre alle til å halde seg unna vegar der det er bilar, når dei syklar med promille. Og så må folk bruke hjelm, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk, Inger Lea Mæland.

Kvar helg må legevakta i Stavanger behandle pasientar som har skada seg etter å ha sykla med promille. Likevel er det ikkje forbode å sykle i fylla.

– Me trur ikkje eit forbod mot å sykle med promille er den rette vegen å gå. Det vil vera veldig vanskeleg for politiet å handheve, seier Mæland.

Ingrid Lea Mæland

Ingrid Lea Mæland er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjølv om Trygg Trafikk ikkje ynskjer eit forbod, meiner dei likevel at det er grunn til å minne folk på kva risiko dei utsett seg sjølv og andre for når dei syklar i rusa tilstand.

– Å drikke seg overstadig rusa, og hangle heim i trafikken, kan gi alvorlege resultat.

– Må ta ansvaret

Skulle ein syklist med promille forårsake eit ulykke, meiner ho at syklisten må kunne stillast til ansvar.

– Når du er syklist så er du ein trafikant, og då skal du halde trafikkreglane. Sjølv om det ikkje er eit forbod mot å sykle med promille så er ein plikta til å følgje trafikkreglane, avsluttar Mæland.

Og ho får støtte frå UP-sjefen.

– Viss du er ute i trafikken skal du ta omsyn. Steller du i stand store problem, kan du bli meldt for det. Men det er ikkje promillegrense på ein sykkel, det er promillegrense på motoriserte køyretøy, seier UP-sjef, Øystein Krogstad.