– Det er veldig krevjande arbeid. Me kjenner jo allereie no at vinden tek godt tak, seier John Erik Hagen, regiondirektør i Kystverket.
Dei neste to vekene skal Kystverket jobba med å setja opp det nye navigasjonsmerket på store Bloksen, nord for Haugesund. Lykta som stod der før vart teken av stormen Nina tidlegare i år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
REGIONDIREKTØR: John Erik Hagen er regiondirektør i Kystverket.
Foto: Thomas Halleland / NRK– Dei kreftene som er her er enorm sterke. Det å kunne bøya store jarnstenger, det er nesten ufatteleg, men det skjer, seier Hagen.
Store Bloksen er skjæret som hurtigbåten Sleipner køyrde på og forliste ved i 1999, og det var etter den hendinga at det vart sett opp ei lykt. No bygger Kystverket nytt merke tretten meter høgt, tre meter høgare enn den førre, i håp om at den skal klara å takla naturkreftene betre enn forgjengaren.
– Det er svært viktig for skipsfarten. Me er midt i hovudleia langs kysten, og omtrent 300 fartøy seglar forbi her kvar veke, seier Hagen.
- LES OGSÅ: