Hopp til innhold

Her syng Max (6) alfabetet for ordføraren

Måndag opna den splitter nye Skadberg skole i Sola. Førsteklassingen Max Christensen feira med alfabetsong til ordføraren.

Nye Skadberg skole opna i dag.

Nye Skadberg skole opna måndag. Her framfører Max Christensen (6) alfabetet for ordførar Ole Ueland (H).

Måndag morgon opna endeleg dørene til den nye Skadberg skole i Sola kommune.

Barneskulen, som husar meir enn 400 elevar frå 1.–7. trinn, erstattar gamle Stangeland skole.

Ein av elevane som hadde sin første skuledag i dag var Max Christensen.

– Skulen er heilt ny, utbryt den taleføre førsteklassingen.

– Kva blir det kjekkaste med å begynna på skulen?

– Leksene! Aller mest gler eg meg til matten, seier seksåringen.

Nye Skadberg skole har ein prislapp på 320 millionar kroner og er den dyraste og største barneskulen i Sola kommune.

Barneskulen har tre parallelle klassar i alle dei sju barnetrinna. Skulen opna i dag, men framleis står det att litt gravearbeid utandørs.

Sjå bilete av den nye skulen under:

Skadberg skole1
Foto: Ole Andreas Bø
Skadberg skole2
Foto: Ole Andreas Bø
Skadberg skole3
Foto: Ole Andreas Bø
Skadberg skole4
Foto: Ole Andreas Bø