Hopp til innhold

Regjeringa vil bruke 3 milliardar ekstra på psykisk helse

Forpliktar seg til å styrke tilbodet innan psykisk helse i heile landet med ny opptrappingsplan. Planen framstår mangelfull og lite forpliktande, meiner Mental Helse.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol legger frem Opptrappingsplanen for psykisk helse for ubfe

3 MILLIARDAR MEIR TIL PSYKISK HELSE: – Fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og god hjelp skal vere lett tilgjengeleg der det trengst, når det trengst. Det skal me oppnå med denne planen, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Dei neste ti åra vil regjeringa bruke 3 milliardar ekstra på psykisk helse.

Det kom fram då helse - og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i dag la fram ein opptrappingsplan for psykisk helse.

– Det høyrest kanskje mykje ut, men det er berre ein femtilapp per innbyggar i året. Me skulle heller hatt 3 milliardar per år, seier landsleiar Ole-Marius Minde Johnsen.

Han er positiv til at planen endeleg er her, men meiner regjeringa fråskriv seg ansvar.

– Det manglar eksempel på konkrete tiltak med dokumentert effekt. Samstundes meiner me planen er lite forpliktande, utdjupar han.

Landsleder i Mental Helse, Ole-Marius Minde Johnsen.

MANGELFULL OG LITE FORPLIKTANDE: Ole-Marius Minde Johnsen i Mental Helse meiner 3 milliardar ekstra på ti år er for lite.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy

Ifølgje ministeren vil dei framover fokusere på tre innsatsområde.

– Me vil satse meir på helsefremmande og førebyggande arbeid, gode tenester der folk bur, og styrke tilbodet for dei av oss som har behov for langvarig og samansett hjelp.

Fleire enn før ber om hjelp

Over tid har det vore ei sterk auking blant barn og unge som seier dei slit psykisk. Ifølgje ministeren satsar dei på fleire tiltak for å førebyggje psykiske lidingar blant unge.

– Planen inneheld blant anna ein ungdomsgaranti, som skal gi unge under 30 år ein fast kontaktperson, og tilpassa oppfølging hos NAV, seier ho.

Målet er at det skal vere med på å redusere andelen unge som blir uføre på grunn av psykiske plagar og lidingar.

Tiltaket vil tre i kraft frå 1. juli. Under framlegginga av planen kom det også fram at det er eit mål å redusere barn og unge sine sjølvrapporterte, psykiske helseplager med 25 prosent.

– Det er positivt at planen har fokus på å fremme ei god psykisk helse, og på å gjere hjelpa meir tilgjengeleg, skriv Fardin Mahmood, leiar av Ungdommens Kommunestyre i Stavanger.

Han synest det er oppmuntrande at ministeren har lytta til barn og unge for å få deira perspektiv og erfaringar med i dette.

Vil redusere ventetida

Tal frå Helsedirektoratet viser at det i mai 2023 var ei gjennomsnittleg ventetid på 59 dagar i psykisk helsevern for barn og unge. På same tid i fjor var ventetida 55,2 dagar.

Kjerkol fortel at dei vil jobbe for å korte ned ventetida.

– Me har satt oss som mål å redusere gjennomsnittleg ventetid til psykisk helsevern for barn og unge, vaksne og i tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, seier helse- og omsorgsministeren.

Samstundes vil dei jobbe for å auke levealderen for personar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

– Me veit at desse personane som slit med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem i gjennomsnitt lev 15 år kortare enn andre, og det vil me gjere noko med.

Eit overordna mål i planen er at alle innbyggarar i alle kommunar skal ha tilgang til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse og rus.

I tillegg skal det bli utvikla digitale verktøy, blant anna sjølvhjelpsverktøy og rettleia internettbehandling.

Les også Legger ned sengeplasser i psykisk helsevern: – Tryggheten blir borte

Petra Renberg