Hopp til innhold

Norges største fly-kartlegging

Kysten av Vestlandet og Sørlandet skal under lupa ved hjelp av dette flyet.

flykartlegging

Daniel Pagotto, Stephan Kruger og Siegfried Prigge framføre flyet av typen Cessna 406 Reims frå selskapet Fugro Airborne Surveys i Johannesburg.

Foto: NGU

Norges geologiske undersøkelse (NGU) gjennomfører i desse dagar den største undersøkinga frå lufta i Norge nokonsinne.

Med to småfly med innebygde målesensorar skal kyst- og havområda under lupa. Dette for å mellom anna kartlegga berggrunnstrukturen i Nordsjøen, avdekkja radonfaren på Vestlandet og eventuelle sprekksoner i fjellet.

Flyr lågt

kart kartlegging

Dette området blir kartlagd av NGU.

Og for dei som vil ta ein kikk på flya, er sjansane store. Pilotane flyr nemleg i ein høgde på berre 60-100 meter over bakke- og havnivå.

- Me flyr såpass lågt at me blir lagt merke til. Faktisk har fleire som har sett oss trudd me har vore ute av kurs og på veg til å styrta. Derfor er det viktig å formidla at dette er noko me må gjera i jobben vår, seier geofysikar Odleiv Olesen i NGU til nrk.no

Mykje av jobben gjort

NGU har til nå flydd frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane til Karmøy i Rogaland. Det betyr at ein fjerdedel av jobben er gjort.

- Akkurat nå er me i sving i området kring Sveio i Hordaland og Karmøy. Frå 20. juli flyr me frå Sola og sørover til Egersund, seier Olesen.

Målet er å kartlegga heile kystområdet, frå Sunnfjord i nord til Mandal i sør, i tillegg til store delar av Nordsjøen.

Dale Pulker

Operatør Dale Pulker i aksjon i flyet under kartlegginga til NGU.