Hopp til innhold

Vil starte Noregs første ryggsekk-klubb

Treningsekspert Yngvar Andersen trur ryggsekktrening kan appellere til dei urbane treningstøffingane.

Geir Sindre Ringdal - styrkeøvelse med sekk

TUNGT: Geir Sindre Ringdal har trent rucking i eit år. Sekken til Ringdal er om lag 18 kilo tung.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Rucking er så erkenorsk som å gå på tur med sekk og få kondisjonstrening. I tillegg har gjer vi styrkeøvingar som minner om dei du finn i crossfit, forklarar Geir Sindre Ringdal.

Saman med Nina Haara Matre vil han starte Noregs første offisielle ryggsekk-klubb, eller ruckingklubb som det heiter på engelsk.

– Det er kjempegøy! Eg har trent dette i eitt år nå, men det blir mykje kjekkare dersom vi er ei gruppe som trener saman, seier Ringdal.

Nina Haara Matre og Geir Sindre Ringdal - portrett

SAMARBEIDER: Nina Haara Matre (t.v.) og Geir Sindre Ringdal har gått saman om å starte ryggsekk-klubb.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ein kald tysdag morgon prøver Ringdal og Matre å rekruttere nye medlemmer. Fem ferske, godt kledde personar møter opp på ein parkeringsplass i Tysvær. Så tar dei sekkane på og går ned til stranda.

Norunn Skrunes - knebøy

FRELST: Norunn Skrunes prøver rucking for første gong og er ikkje i tvil om at dette blir hennar nye treningsform.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ein av dei er Norunn Skrunes. Ho blir raskt frelst:

– Dette syntest eg var heilt supert. Eg får vere ute i naturen saman med andre, seier ho.

Treningsekspert trur det vil slå an i Noreg

Rucking er eit engelsk verb som kjem frå substantivet rucksack, altså ryggsekk på norsk.

For å bli godkjent som offisiell ruckingklubb må Ringdal og Matre søke medlemskap hos amerikanske Goruck.

Så må dei gjennom ulike testar for å bevise at klubben deira er eit medlemskap verdig.

Ein ruckingklubb i Stockholm er allereie offisielt godkjent som einaste i Norden. I Europa finst det berre sju klubbar totalt.

Yngvar Andersen (SV)

TRENINGSEKSPERT: Yngvar Andersen trener sjølv rucking. Han trur treningsforma kan appellere til ein del nordmenn.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Treningsekspert Yngvar Andersen er godt kjent med rucking. Han trur det vil appellere til ein del nordmenn.

– Blant mange urbane treningstøffingar trur eg absolutt dette vil vere typisk utstyr vi kjem til å sjå rundt omkring i året som kjem, seier han.

I USA er det fleire hundre ruckingklubbar. Andersen tvilar på at miljøet blir like stort her.

Rucking - ryggsekker på bakken

TUNG ELLER LETT: Du vel sjølv kor tung sekk du vil bruke i rucking.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er nok ganske smalt. I Noreg har fleire av oss allereie ein kultur for å gå på tur med tung sekk, men at det blir mange nok i Noreg som driv med dette slik at ein kan lukkast lokalt er eg ganske sikker på, seier han.

Vil arrangere stemner

I februar får Ringdal og Matre svar på om dei får vere med i amerikanske Goruck. Får dei det kan dei kalle seg Noregs første offisielle ruckingklubb.

– Eg håpar vi blir ei god gruppe som trivst sosialt i lag og kan trene saman, seier han.

Etter kvart vil dei sette opp stemner slik dei gjer i stor skala i USA.

– Det er ikkje konkurransar, men om å gjere å fullføre ulike distansar, seier Ringdal.

Geir Sindre Ringdal - går med sekk (rucking)

IKKJE BERRE TUR: Geir Sindre Ringdal er ute og ruckar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg