Hopp til innhold

Nok ein dag med hærverk på Hasseløy

På to dagar har ein båt, ein gravemaskin og fleire bilar blitt ramponerte på den vesle øya utanfor Haugesund.

Hærverk på Hasseløy
Foto: Arne Gunnar Olsen / Thomas Halleland / NRK

For andre dag på rad er det utført hærverk på same stad på Hasseløy, eller «Bakarøynå» som den blir kalla, like utanfor Haugesund sentrum.

– Påfallande

I går var det ein båt som hadde blitt ramponert med hjelp av ein gravemaskin, medan det i dag var snakk om fem køyretøy.

– Det er jo påfallande at det skjer same stad to dagar på rad, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Jan Magne Østebøvik.

Politiet har ingen mistenkte etter ugjerninga i går, og har lite å gå på også i dag. Derfor ber dei om tips.

– Me har ikkje sikra spor og treng tips frå publikum, seier Østebøvik.

Laster Twitter-innhold

Har gått ut over same bedrift

Det er same person som har meld begge ugjerningane til politiet. Og det skal vera snakk om eit slags industriområde ved ei bedrift der det står gravemaskinar, bilar og båtar.

Kan det vera snakk om nokon som har noko uteståande med bedrifta?

– Det er heilt uvisst, seier Østebøvik.

Hasseløy