NRK Meny
Normal

Ramponerte båt med gravemaskin

– Me vil gjerne koma i kontakt med folk som dei har sett noko, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jan Magne Østebøvik.

Ramponerte båt

Denne båten blei ramponert med hjelp av ein gravemaskin i natt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Førebels står politiet utan spor etter nokon har strekt seg svært langt for å øydeleggja ein båt som står på land på øya Hasseløy utanfor Haugesund i natt.

– Teorien er at dei har teke seg inn i gravemaskinen og køyrt grabben rett inn i båten, seier Jan Magne Østebøvik, som er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Ber om tips

Dei fekk melding om hærverket i dag, og reknar med at det har skjedd i natt ein gong.

– Me vil gjerne koma i kontakt med folk som dei har sett noko, seier han.

Båten som er øydelagd er av typen Hydrolift.

Laster kart, vennligst vent...

Ugjerninga skjedde på Hasseløy i Haugesund.