Hopp til innhold

Ville ikkje leia opninga med eit blærete og pompøst program

Om fire månader opnar Stavanger sitt nye konserthus. – Om eg har vore skeptisk tidlegare, er eg ikkje det lenger nå, seier forfattar Tore Renberg. Han har fått jobben med å leia opningsfesten.

Forfattar Tore Renberg og Stavanger konserthus

Forfattar Tore Renberg skal leia opninga av Stavanger konserthus. Det ville han ikkje gjort om det hadde vore ei blærete og pompøs opning, han er nøgd med at lokale artistar dominerar.

Foto: Lise Åserud/Arkitekt: Ratio arkitekter AS (tidligere Medplan AS Arkitekter) Modell: Modellfabikken

Per-Harald Nilsson, direktør, Stavanger Konserthus.

Konserthusdirektør, Per-Harald Nilsson, presenterte i dag opningsprogrammet.

Foto: Stavanger Konserthus

I dag blei det klart at Stavanger konserthus skal bli opna med ti dagar husvarming, og ei festførestelling leia av forfattar Tore Renberg.

– Eg har aldri vore konferansier for noko så stort før, så eg gler meg verkeleg til dette, seier Tore Renberg, som mest av alt håper at han får møte Kongen under den offisielle opningsdagen, laurdag 15. september.

Hika ikkje etter internasjonale stjerner

Det var konserthusdirektør, Per-Harald Nilsson, som i dag presenterte opningsprogrammet. Eit program med mange lokale namn.

– Det har ikkje vore intensjonen å henta flest mogleg internasjonale stjerner hit. men heller at byen sitt eige kulturliv tar huset i bruk, og møter nokre store stjerner frå utlandet, sa Nilsson under presentasjonen.

– Kven er desse stjernene?

– Ei av verdas mest ettertrakta pianistar kjem, Hélène Grimaud, ho skal spela saman med Stavanger Symfoniorkester.

Han nemner også Iceland Dance Company, Cassandra Wilson og Richard Bona som dei største internasjonale stjernene konserthuset har lukkast med å få på programmet.

Bestillingsverk frå Janove Ottesen

Festkvelden byr elles på to urframføringar. Lokale Janove Ottesen i Kaizers Orchestra skriv for solist Camilla Maria Myrås og Stavanger Symfoniorkester. Det blir òg nyskriven samtidsmusikk for orkesteret frå Kyrre Sassebo Haaland.

Haugesund sin popkomet LidoLido dukkar også opp på opningsfesten, og det blir utdrag frå Tryllefløyten med meir frå Stavanger Symfoniorkester.

Torsdag 20. framfører Stavanger Symfoniorkester Mozarts klassiske opera frå 1791 på norsk i ein slags scenisk versjon, med solistar og 3D-animasjon.

– Det er eit møte mellom det internasjonale og det lokale, men det blir også ein sjanse til å visa byen og det enormt avanserte musikklivet denne regionen har, seier han, seier Nilsson.

Dette er noko av grunnen til at Tore Renberg takka ja til å vera konferansier.

– Eg sjekka ut kva haldningar dei faktisk har. At programmet ikkje er så blærete og ikkje har så mykje pomp og prakt gjorde at eg sa ja til jobben. Dette er Stavanger og Rogaland sitt hus, og dei er inviterte til å fylla det, seier Renberg.

Stavanger konserthus, Interiør Orkestersal

Stavanger konserthus er framleis ikkje ferdig, men allereie i slutten av mai satsar dei på å få byrja med testkonsertar.

Foto: Arkitekt: Ratio arkitekter AS (tidligere Medplan AS Arkitekter). Modell: Modellfabikken AS.

Kvar genre får sin dag

Opninga varer i ti dagar, der dei ulike genrene får kvar sin dag.

Vokalist Cassandra Wilson med band er eit av trekkplastera på jazzens dag, der det lokale bandet Cirrus lanserer album, og bassist Richard Bona spelar med eit sterkt utvida Bjergsted Jazzensemble.

Dansen blir heller ikkje gløymd med to Jo Strømgren-førestellingar frå Iceland Dance Company.

Det blir ein familiedag med kulturskulebarn, ein dag for rock, pop og elektronika med Honningbarna, Overthrow og danske Mew. Kora får også sin eigen dag i det Nilsson helst kallar ei husvarming.

– Det er eit godt bilete på det me gjer, me tar i bruk huset og viser moglegheitene som huset har, seier han.

– Huset blir ferdig i tide

Sjølv om ikkje huset er ferdig ennå lover Nillson at det skal bli klart i tide.

Han satsar på at dei i slutten av mai kan byrja med testkonsertar for å testa akustikken med musikkarar, og at dei utover sommaren kan intonera orgelet.

I dag fekk Renberg ei omvising i det omstridde bygget. Noko som overbeviste han.

– Om eg har vore skepsis tidlegare er eg ikkje det lenger etter å ha sett det me faktisk får nå, avsluttar Renberg.