Hopp til innhold

No kan du få pengar for å redda insekt

Ei ny pengeordning i Noreg skal sørgje for at fleire vil la småkryp bu på eigedomane sine. Målet er fleire insekt.

Honningurter og kløver

Slik såg det på garden til Jan Henrik Hansen, og kona Kristin Hansen i juli i fjor. Område med honningurt og perserkløver. Perserkløver er noko mindre og synest ikkje på biletet.

Foto: Jan Henrik Hansen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me har planta honningurt og perserkløver. I fjor sommar var det eit yrande insektliv og ei fantastisk lukt i fleire veker. Fleire typar humler, bier, villbier, fluger og sommarfuglar var på besøk, seier gardsstyrar i Hogganvik Landsby i Vikedal, Jan Hendrik Hansen.

Bonden har i fleire år lagt til rette for insekt. Han håpar no at tilskotsordninga vil motivera andre, særleg bønder, til det same.

– Eg synest det er på sin plass at ein del av det offentlege tilskotet blir brukt til bevaring av miljø og artsmangfald.

Sjølv om det er snakk om små beløp trur bonden det vil hjelpa fleire med å komma i gang med tiltak.

Jan Henrik Hansen

Bonde Jan Henrik Hansen oppfordrar fleire til å planta Lind. – Lind er ein fantastisk trekkplante for bier og humler.

Foto: Kristin Hansen

– Ein kan få til gode tiltak på relativt lite areal. Det viktigaste er at tiltaka verkar.

– Kan enda med katastrofe

Kartlegging viser at insekta kan forsvinne innan 100 år, dersom dei held fram med å døy i same takt som no.

Konsekvensen blir mindre pollinering, nedbryting og resirkulering og mindre mat til skapningar høgare i næringskjeda.

 Jens Åström

Forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Jens Åström.

Foto: NINA

– Situasjonen for insekta har endra seg dramatisk, og konsekvensane kan bli katastrofale. Kunnskap og fleire målretta tiltak er naudsynt, seier Jens Åström, forskar ved NINA.

Forskaren meiner at fleire område med blomar definitivt vil ha ein positiv effekt.

– Det veldig positiv at det no blir lagt til rette ulike typar av kompensasjonsordningar for dei som driv med landbruk, for å styrka levevilkåra til pollinerande insekt.

insekt som er truga

Her ser ein nokre av dei utsette småkrypa.

Foto: Arnstein Staverløkk NINA / NINA

Nytt i Noreg

Alle fylka i landet fått tilbodet om tilskotsordning til pollinerande insekt via det nye regionale miljøprogrammet (RMP). Det er opp til kvart fylke kven som kan søka om pengar.

I Rogaland har dei bestemt at berre bønder få pengar gjennom RMP. Men grunneigarar, privatpersonar, organisasjonar, kommunar og institusjonar kan søke om tilskot via Miljødirektoratet.

– Dette er ei forsøksordning, som aldri før har vore prøvd i Noreg. Me håpar den skal få stor aksept ute i miljøet. Det kan også vera positivt for landbruket, seier rådgivar i landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland, Monica Dahlmo.

Tiltaket er inspirert av den nye nasjonale pollinatorstrategien.

Marit Epletveit, Rogaland bondelag

Marit Epletveit er positiv til at det blir sett meir fokus på biomangfald i Noreg blant bøndene.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Bøndene er opptatt av biomangfald, men eg trur det er viktig å setta fokus på dette i større grad enn det vert no. Noko ei slik ordning gjer, seier leiar i Rogaland bondelag Marit Epletveit.

Ho meiner det er viktig at bøndene får kunnskap om tema.

– Då er det lettare å gjera tiltaka. Likevel er det ikkje berre bønder som må tenkje på dette. Alle med hagar kan også starte med tiltak. Dette må bli ein fellesdugnad.

Lakrismjeltblåvinge sommerfugl

Pollinerande insekt er insekt som vitjar blomar. For eksempel sommarfuglar, humler, biller, veps og bier. Pollinering (støving) er overføring av pollenkorn mellom blomar på ein eller fleire planter.

Foto: Christian Steel / SABIMA