Hopp til innhold

Niang får ikkje sparken

Viking-spelar Mame Niang får ikkje sparken frå klubben, etter at han skalla ned lagkamerat Jone Samuelsen i går.

Mame Niang
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Senegalesaren slepp unna med 15 000 kroner i bot, og utestenging frå A-laget sine treningar i to veker etter hendinga. Han får også ein skrifteleg advarsel frå klubben.

Mame Niang skalla ned lagkamerat Jone Samuelsen etter Viking-treninga i går. Samuelsen blei send til legevakt med frykt for nasebrot, men midtbanespelaren slapp frå nedskallinga utan alvorlege skader.

- Eg kan ikkje forstå korleis dette kunne skje. Det er heilt ulikt meg. Eg seier orsak til Jone, klubben og fansen for det eg har gjort, seier Niang til Stavanger Aftenblad.

Les også:

Vikingspillere i slåsskamp

Flere nyheter fra Rogaland