Hopp til innhold

Berre to av ti menn har bunad: – Få som tek seg råd

Ofte vert mannsbunaden nedprioritert, men Richard er ein av få unge menn som skal investere i ein bunad.

Richard Osei prøver bunad

Richard Osei har lenge ønska seg ein bunad. Neste år skal han kjøpe eigen, men fram til det leiger han festdrakt til nasjonaldagen.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / nrk

– Eg synest at herrebunad er sjukt fint, og det har noko ekstra med seg. Dress kan ein bruke elles, seier Richard Osei.

Osei har lenge ønska seg bunad og har som mål å kjøpe ein eigen neste år. No leiger han festdrakt før nasjonaldagen.

– Eg håpar at fleire menn vil bruke bunad. Det er gjerne når du vert litt eldre, at du fyrst forstår kor viktig bunaden er, seier Osei.

Men slik er det ikkje i dag. Richard er faktisk ein av få menn som bruker bunad.

Prøving av bunad

Richard Osei synest det er stas å ha på seg festdrakt på nasjonaldagen.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Berre to av ti menn har bunad, medan åtte av ti kvinner har bunad.

Det viser ei undersøking gjort av Store Norske Leksikon og Barbro Tronhuus Storlien, leiar for Norsk Husflidslag.

Ho kjem vi tilbake til seinare.

– Det er mange menn som vil ha bunad, men som ikkje prioriterer det. Hos kvinner er det nesten slik at ein må ha bunad. Hos for menn er det noko som er kjekt å ha, men som ein ikkje må ha, seier Marianne Lambersøy, dagleg leiar for Embla Bunader i Stavanger.

Ho forklarer at det i tillegg er mykje vanskelegare å lage herrebunaden. Dersom du veks og må legge den ut, er det også vrient.

Synest du fleire menn burde få seg bunad?

Dyrt og tidkrevjande med herrebunad

– Eg kan klare ein damebunad i blinde, men med herrar skal du vere ganske «on your a-game». Dersom du tek feil mål, er det ei hovudverk. Det kan òg gå så gale at du berre kan gløyme det, og må lage nytt, seier Lambersøy.

Det er altså dyrt, og tidkrevjande.

– Når menn er heilt ferdig utvekst er dei i midten av 20-åra. Då er det få som tek seg råd til å kjøpe bunad, mange vil heller bruke pengar på hus og bil, seier Lambersøy.

Eilef Revheim skal skaffe seg ei bunad når han er ferdig med mastergraden hans neste år.

– Eg har ikkje helt landa på kva for ein bunad, men truleg blir det rogalandsbunad. Mor er herfrå, og det er litt gøy når ein er frå Austlandet at det er noko anna.

Eilef Revheim

Eilef Revheim påpeiker at det er svært dyrt med ny bunad for ein mann i 20-åra.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Han gleder seg til å få seg bunad, men forstår godt kvifor få menn vel å gå til innkjøp av ei sjølv.

– Når det er aktuelt i 20-årene, er ein i ein situasjon der ein oftare må kjøpe det sjølv. Å bruke 20.000-40.000 kroner er mykje.

Færre syr herrebunad

Barbro Tronhuus Storlien, leiar for Norsk Husflidslag, trur det er fleire grunner til at færre menn har bunad.

– Det har lenge vore vanleg at jenter får bunad til konfirmasjonen. Og så har det nok vore mange menn som har forbundet bunad med folkedans og folkemusikk. Det har dei nok ikkje identifisert seg med, seier Storlien.

Det er også færre som syr herrebunad enn damebunad, fordi det er vanskelegare.

Barbro Tronhuus Storlien

Barbro Tronhuus Storlien har svennebrev som buntmakar og har vore leiar for Noregs Husflidslag sidan 2018.

Foto: PRIVAT

– Ein kan ikkje sy buksa før ein veit nøyaktig kor lang den må vere. Vesten på herrebunad kan ein snitte ut litt, men ein har ikkje dei same mogelegheitene for å legge den om slik som på damebunad.

Ho trur det hjelper på lysten til få seg ein bunad når menn ser kjente ansikt ha den på.

– Kronprins Haakon har hatt på seg både Fana-bunad og Asker-bunad. Petter Solberg gikk med Østfold mannsbunad på idrettsgalla i Monaco. Det er ganske stilig når folk flest kjem i smoking, og så kjem det ein nordmann i bunad.