Hopp til innhold

Nektar å betala for skuleskyss

Eigersund kommune vil ikkje betala millionrekning frå Veolia.

Egersund
Foto: Øystein Ellingsen

Eigersund kommune nektar å betala Veolia ei millionrekning for ei ekstra skulerute midt på dagen for elevar ved Eigerøy skule.

- Krev ein million for mykje

- Veolia krev over to millionar kroner for skyssen, medan kommunen ikkje strekkjer seg lenger enn til ein million, seier levekårssjef Kåre Ingvar Helland i Eigersund.

Helleland seier kommunen har rådført seg med advokat.

- Og me har skrive eit brev der me held fast på at ein av dei 2,2 millionane er det me er villige til å betala.

- Torer ikkje å la dei gå

For dei yngste elevane på Eigerøy betyr det at dei mot sin vilje må vere på skulen til siste slutt på dagen. Rektor John Arild Helgheim torer ikkje senda dei ut på den sterkt trafikkerte fylkesvegen 502.

- Nei, det kan vi ikkje gjere her. Fordi dei elevane dette gjeld har alt for lang skuleveg.