Hopp til innhold

Natanael (10) får berre ei gåve til bursdagen

HAUGESUND (NRK): Då Natanael Tolås (10) begynte i første klasse blei foreldra i klassen einige om å kutte ut alle dei små bursdagsgåvene. Miljøorganisasjon håpar fleire gjer som dei.

Natanael Tolås - bursdagsbarn

NØGD: Natanael Tolås fekk hanskar og Donald-pocket til 10-årsdagen. Han likar å få klassegåve.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg fekk hanskar og Donald-pocket. Det var ganske fint, seier bursdagsbarnet.

Alle gutane i klassen er i selskap og Natanael har akkurat opna bursdagsgåva si.

Tiåringen elskar å lese Donald.

– Og så trong han hanskar, legg mamma Evy Brita Maria Tolås, til.

Kakekø bursdag - høydebilde

I KAKEKØ: Alle gutane i klassen er inviterte i selskap. Håvard Johansen Nilsen står fremst i kakekøen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Gåvene blir kasta

I første klasse blei foreldra til alle ungane i klassen til Natanael einige om at dei skulle gi klassegåve. Altså ei gåve som kostar fire hundre kroner til bursdagsbarnet frå heile klassen.

Når Natanael har bursdag er det mamma og pappa som kjøper gåva.

Evy Brita Maria Tolås - portrett

MEIR TID: Mamma til Natanael, Evy Brita Maria Tolås, meiner klassegåve har ført til mindre gåvestress.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Vi høyrde at andre klassar hadde begynt med det og syntest det var ein genial idé. Ein får veldig lite for 50 kroner i dag. Mange av gåvene blir fort øydelagt og kasta, seier Evy Brita Maria Tolås.

Dessutan sparer foreldra mykje tid.

– Eg trur dei fleste kjenner til problematikken med å måtte skunde seg ut og handle til neste bursdag. I ein travel kvardag lettar det mykje når ein berre treng å konsentrere seg om å kjøpe gåve til sitt eige barn, og ikkje når alle andre har bursdag, seier Tolås.

Bruker tida på bursdagskortet

I staden for tar alle gjestene med seg eit kort der dei har skrive noko fint om bursdagsbarnet.

«Til Natanael. Gratulerer med dagen. Helsing Andreas. Du er kul», les Natanael på eit av korta han har fått.

– Eg føler at folk likar meg. Korta er ganske fine. Eg får ganske gode tilbakemeldingar, smiler Natanael.

Bursdagskort til Natanael

FINE ORD: I staden for ta å med gåve, skriv gjestene noko fint på eit kort til bursdagsbarnet.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Mamma til Natanael meiner klassegåve har gjort at det har blitt mindre fokus på gåver og at korta har blitt viktigare.

– Før la dei gjerne vekk kortet fordi gåvene var viktigare. Nå ser me at dei kosar seg med korta, seier ho.

Fem bursdagsbarn

FEIRAR SAMAN: Fem klassevener feirar 10-årsdagane sine saman. Frå venstre: Markus Amdal, Natanael Tolås, Tarjei Aasland Håkonsen, Nicolay Mathiesen og Vegard Tollaksen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Men kva synest Natanael eigentleg om å berre få ei gåve?

– Eg likar betre å få berre ei gåve, fordi då får eg det eg ønskjer meg, seier han.

Miljøorganisasjon heiar på klassegåve

Fagrådsgivar Sandra Baldvinsson Sotkajærvi i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, synest klassegåve er ein kjempegod idé.

Fagrådgiver Sandra Baldvinsson Sotkajærvi i Framtiden i våre hender.

KJØP MINDRE: Fagrådgivar i Framtiden i våre hender, Sandra Baldvinsson Sotkajærvi, meiner vi må kjøpe færre gåver, og helst opplevingar.

Foto: Jon Skille Amundsen / Jon Skille Amundsen 2016

– Nokre undersøkingar har vist at norske barn har 600 leiker kvar. Det er jo heilt drygt. Dersom klassegåver kan vere med på å redusera forbruket, er det bra, seier ho.

NTNU-forskarar publiserte i desember 2015 ein studie som viste at over 60 prosent av klimagassutsleppa på jorda er menneskeskapte. Av desse kjem 13 prosent frå produksjon av ting.

Sotkajærvi håpar fleire vel å gå for klassegåve.

– Eg håpar fleire reduserer forbruket av gåver. Då er klassegåve eit betre alternativ enn at alle kjøper kvar si gåve, seier ho.

Men aller helst ønskjer ho seg at bursdagsbarnet får ei oppleving til bursdagen.

– Vi forbrukar som vi skulle hatt tre jordklodar. Skal vi vri forbruket vårt over i ei klimavenleg retning, må vi over i tenester og lokale opplevingar, seier Sotkajærvi.