Hopp til innhold

Naboar evakuert etter brann

Eit hus på Tananger er totalskadd etter brann. Naboane er evakuert på grunn av den krafteige røykutviklinga.

Eit hus på Tananger er totalskadd etter brann. Naboane er evakuert på grunn av den krafteige røykutviklinga.

Det røykte kraftig frå huset like etter klokka ti torsdag føremiddag. Ei stund etterpå tok flammane seg opp.

I Tananger er fleire bebuarar evakuert på grunn av kraftig røykutvikling frå eit hus i Moringveien.

Meldinga om brannen kom først klokk 10 torsdag føremiddag. Det var ingen personar i huset, men det kom melding om kraftig røykutvikling.

Brannvesenet fekk først kontroll på staden, men brannen tok seg opp att

– Etter kort tid slo det flammar ut av taket. Naboane er evakuerte på grunn av røykutviklinga. Det er ikkje fare for at brannen skal spreia seg, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Henning Andersen.

Ingen personskade

Huset er totalskadd opplyser politiet. Det er uvisst når dei evakuerte kan koma tilbake til heimane sine.

– Me har vore i kontakt med dei som eig huset og kan slå fast at det har vore tomt for folk, seier Andersen.

Røykutvikling i Tananger

Den kraftige og giftige røyken har ført til at fleire naboar er evakuerte og andre naboar blir bedne om å halda vindaugo og ventilar lukka.

Foto: Andreas Molland / NRK