NRK Meny
Normal

Nå kan ein kjøpa bussbillett på telefonen

– Mindre kontantar på bussen vil vera ein fordel for både bussjåførane og reisande, ifølgje Kolumbus.

Ny app frå Kolumbus

Den nye appen frå Kolumbus gjeld førebels berre for bussreisande. Dei vil jobba med å utvida tilbodet til båtreisande også.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I dag lanserer Kolumbus bussbetaling på mobiltelefon i Rogaland.

– Me er veldig glade for å kunne tilby våre kundar denne appen. Dei får nå eit supert produkt som forenklar reisekvardagen deira, seier direktør i Kolumbus, Odd H. Aksland.

Ikkje for båt

Førebels er det berre dei bussreisande som får forenkla kvardag, men Kolumbus håper sat dei kan utvida tilbodet til også å gjelda båtreisande.

Ifølgje Aksland vil det vera ein fordel for både bussjåførar og reisande og få mindre kontantar i bussen.

– Fordelen med denne appen er at betalinga nå kan gå føre seg kontantlaust. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for både kunden og sjåføren, som begge slepp å styra med kontantar og vekslepengar, seier han.

Bussjåførar i Rogaland har lenge etterlyst meir elektronisk betaling på bussar. Spesielt i etterkant av bussran, der ranarane har vore på jakt etter kontantane som bussjåføren har i skinntaska si framme i bussen.

Appen er gratis, og kan bli lasta ned med hjelp av App Store eller Google Play under namnet «Kolumbus Billett».