Hopp til innhold

Veolia transport vil ha slutt på kontantbetaling i bussar

På 14 dagar har to bussar blitt rana i Rogaland. Dette hadde ikkje skjedd dersom det ikkje var lov å betala med myntar og setlar, seier driftsdirektør Anders Erik Hansen i Veolia Transport Sør.

Buss

Utan kontantar på bussane er det heller ingen som vil rana dei, seier Hansen i Veolia.

Foto: NRK

Kolumbuskort

På Kolumbus sine bussar i Stavanger kan ein nytta busskort eller kontantar.

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Veolia Transport Sør ser til storbyar som Roma, Athen, London og Stockholm når dei føreslår å fjerna kontantbetalinga frå bussar.

– I desse byane har dei svært god erfaring med å berre bruka elektronisk betaling i bussane, fleire bruker det kollektive tilbode sidan betalingskøane forsvinn seier Hansen i Veolia transport Sør til NRK.no.

15 ran i året

Likevel er hovudgrunnen til at dei vil fjerna kontantbetalinga, at bussane ikkje skal vera attraktive mål for ranarar. I Rogaland, der alle rutebussane er eigd av Veolia har det nå vore to bussran på 14 dagar.

– Dersom det ikkje finnes kontantar på bussane er det sjølvsagt ingen som vil rana dei, seier Hansen.

Men det er ikkje berre i Rogaland at bussar blir rana seier Hansen:

– Det er ei nasjonal rørsle i retning av å få vekk kontantbetalinga i bussen. I gjennomsnitt skjer det omlag 15 bussran i året, men i år har det vore ekstra mange. I Vest-Agder seks hittil i år, og i Tromsø har det vore fire.

Vakthald uaktuelt

Tidlegare har Rogaland Transportarbeiderforening føreslått å innføra vakthald på nattbussane for å få ned den aukande valdsbruken mot bussjåførar.

Dette er ei ordning Veolia har lita tru på vil vera lønsam, sidan det då må gjelda alle som handsamar pengar i landet.

Heller ikkje busselskapet Kolumbus vil ha vakthald på bussane.

(Artikkelen held fram under bilete)

Buss

Kontantbetalinga kan skapa kø på bussane.

Foto: NRK

Ulemper med elektronisk betaling

– Å innføra rein elektronisk betaling i bussane vil innebera mykje arbeid, og vera avhengig av politiske avgjersler, seier Hansen.

Han peiker på at motstanden kanskje først og fremst vil koma frå eldre som er vane med å betala med laust.

Leiar for samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune Odd Arild Kvaløy seier at han klart ser fordelane med elektronisk betaling, men vil ikkje ta stilling til om det praktisk lar seg gjera, og om det er økonomisk forsvarleg.

– Slik eg ser det må då alle bussane ha ein bankterminal, slik ein kan betala med vanleg bankkort, dette er eit prosjekt som det i alle fall vil ta meir enn to år å gjennomføra, seier Kvaløy til NRK.no.

Han meiner at andre positive sider ved elektronisk betaling er at bussjåførane kan fokusera meir på køyringa når han slepp å ekspedera alle kundane.

Kva meiner du om å fjerna kontantbetalinga frå bussane?