Hopp til innhold

Her er den nye vegen du må læra deg om du skal køyra nokon til flyplassen

Mange køyrde feil då den vanlege vegen forbi Stavanger lufthavn Sola stengde i dag. Kanskje var det ikkje så lett å forstå at den nye vegen går gjennom parkeringshuset.

Nå må ein inn i parkeringshuset for å sleppa av folk som skal ta flyet frå flyplassen på Sola. Avinor reklamerar med at ein får 15 minutter gratis adgang.

VIDEO: Her kan du køyra den nye vegen, som du nå må ta dersom du skal sleppa av eller henta nokon på Stavanger lufthavn Sola.

Kiss and fly

Slik marknadsfører Avinor den nye vegen.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Frå og med i dag blei det slutt på at bilar kan korttidsparkera like utanfor avgangs- og ankomsthallen ved Stavanger lufthamn Sola. Vegen er stengt med fysisk sperring, og med skilt om at innkøyring er forbode.

Nesten alle køyrde feil

Trass skiltinga køyrde nesten alle feil den korte stunda NRK var der i dag. Den nye vegen går nå innom parkeringshuset. Her får dei som skal ta avskjed 15 gratis minutt til å kyssa, eller gjera kva dei vil. Mange sa at dei ikkje forstod at dei skulle inn i eit parkeringshus når dei skulle heim.

– Det er litt uvisse nå i starten, men me har folk frå Lions som står ute og forklarer korleis dette skal fungera, seier Lufthamndirektør Leif Anker Lorentzen.

Han håpar og trur at folk skal finne denne løysinga vel så god som den tidlegare ordninga flyplassen har hatt.

Plassen utanfor flyplassen dedikerast til kollektiv- og taxitrafikk. Den første delen av kollektivfeltet er ferdig, og nå står siste del, som skal gå inn til flyterminalen, og ein heilt ny og oppgradert taxi- og busshaldeplass att.

Annan veg for dei med høg bil

Dermed legg Avinor betre til rekke for dei som reiser mest miljøvenleg til og frå flyplassen, dessutan meiner dei at det nå blir slutt på ei rekke farlege situasjonar og nestenulukker.

NB: Har du ein bil som er høgare enn 210 cm må du køyra til venstre i rundkøyringa ved parkeringshuset. Deretter er det rett fram mot hotellet. Bak hotellet er det korttidsparkering.

SJÅ VIDEO: Mange blei forvirra då omlegginga skjedde i dag

Det blei ein god del forvirring då den vanlege vegen forbi Stavanger lufthavn Sola stengde i dag. Den nye vegen går gjennom parkeringshuset.

VIDEO: Rune Karlsen var ein av dei som blei forvirra over kor han skulle køyra i dag.