Hopp til innhold

Motorsyklist kolliderte med bil på Ganddal

Ein motorsyklist er teken med i ambulanse, etter ein kollisjon med ein bil på Ganddal i Sandnes.

Ulykke på Ganddal

Ulykka skjedde her på Ganddal. Det er lange køer ved ulykkesstaden.

Foto: Ronny Hjertås

Klokka 15:50 fekk politiet melding om at ein motorsykkel og ein bil hadde kollidert på Ganddal i Sandnes.

Ambulanse og politiet rykka ut til staden.

Motorsyklisten var skadd, og vart frakta i ambulanse til sjukehuset. Skadeomfanget er ikkje kjent.

I følgje politiet stod bilen i ro i sørgåande køyrefelt, og skulle svinge til venstre til Ganddal Idrettsplass i det MC-førarren kom frå Nord og traff bilen i bakparten. Politiet er på staden og gjer naudsynte undersøkingar.

Det var lenge manuell dirigering på staden, og lange køar. Men klokka 19 melder Statens vegvesen at vegen er open for trafikk.