Hopp til innhold

Mono-pol og Aha

 Eit seks månader gammalt band skal varma opp for Aha i Haugesund den 1. september.

 

Frå AHA-konserten i Ålesund 26.august 2006

Frå AHA-konserten i Ålesund 26.august 2006

Foto: Pål Kristian Lindseth

Dei er kjente frå Haugesund Popensemble.  Dei er tre unge menn, og skal i tillegg  leiga inn 3-4 ekstra musikarar.

Dei er  Odin Staveland, Jarle Strømsvold og Lars Eirik Støle.

1. september skal dei spela for meir enn 10 000 menneske i amfiet ved Haraldshallen, som oppvarmingsband for Aha.

 

- Det er alltid interessant å spela for mykje folk.  Og så får me sjå Aha etterpå.  Det har me aldri opplevd før.

Dette seier Odin Staveland og Jarle Strømsvold.  Dei to må vedgå at det heilt nære tilhøvet til Aha, det har dei ikkje. Aha gjekk til topps på Billboard i USA i 1985.  Det var før Odin Staveland blei født.

- Men eg hugse "Take om me" spelt på kassett, altså, seier Odin.

mono-pol skal varme opp for A-ha

Mono-pol skal varme opp for A-ha

Foto: Karine Næss Frafjord

 

Mono-pol

Dei tre bandmedlemmane kjem alle frå Haugesund Popensemble.  Nå har dei halde på sidan februar, og då dei fekk tilbod om å bli oppvarmingsband for Aha, så var det ikkje nei i deira munn.

- Me må spela for mykje folk for å få mange til høyra på musikken vår.  Det er viktig for å skapa interesse på førehand, slik at platesalet går bra seinare når me gir ut noko av materialet vårt, seier Jarle Strømsvold..

Korleis er musikken til Mono-pol?

- Det er på norsk og det er musikk som swinge. Deretter blir det vanskeleg, seier dei to.

- Det er litt mindre poppete enn Popensemblet.  Me har lagt meir arbeid i tekst og melodiføring.

Ellers er det vanskeleg å forklara. Folk må rett og slett koma og høyra. 

- Men det blir trøkk, og så skal me skapa slik "hoppestemning" blant publikum, seier Odin Staveland.

Stor konsert

- Me har spelt før for massevis av folk, så det veit me korleis er, seier dei to. 

Og det er ikkje så ille påstår dei. 

-  Det er verre å spela i familieselskap for 20 folk,  når du ser augene på alle saman.  Det er mykje betre når folk berre er prikkar borti der, seier Staveland og Strømsvold.

- Så får me gjera vårt beste på ein kort og grei måte, og berre innsjå at folk kjeme for å høyra på Aha, ikkje på oss, seier dei to.