Hopp til innhold

1000 i minnemarkering for hunden Tønes

Om lag 1000 menneske samla seg i kveld på Hellestøstranda i Sola, for å ta avstand frå at hunden Tønes blei skoten.

Om lag 1000 menneske møtte opp for å vise støtte til hundeeigar Ola Stangeland, etter drapet på hunden hans Tønes.

Mange ville vise si støtte til hundeeigar, Ole Stangeland, i kveld.

Avlivinga av ein hund på Hellestø på sundag, har vakt store reaksjonar på sosiale medium dei seinaste dagane.

Fleire har reagert med sinne, og i kveld møtte heile 1000 menneske opp for å vise si støtte til hundeeigar, Ole Stangeland.

Ola Stangeland

Hundeeigar Ola Stangeland

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Dette er heilt utruleg. Eg kunne aldri ha drøymt om at det ville koma så mange folk. Dei siste dagane har eg fått så mykje støtte, folk har ringt frå heile landet for å vise sympati. Og det er eg veldig takknemleg for, seier Stangeland.

Fleire av dei som møtte opp i kveld var hundeeigarar, og Stangeland seier det viser kor samla hundefolket står.

– Dette er ikkje berre ei minnemarkering for min hund. Men det er også ein roleg demonstrasjon mot handlinga som er gjort, og måten det er blitt gjort på, seier han.

Artikkelen held fram under bilete

Minnemarkering på Hellestø

Mange av dei som møtte fram var sjølv hundeeigarar, og hadde teke hundane med seg.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Skoten med hagle

På sundag var Stangeland på Hellestø for å gå tur med hunden sin Tønes. Han parkerte ved Hellestø hamn, og gjekk derfrå mot sjøen. Det var sauer på beite i området, og hunden var ikkje i band.

Ein mann skal då ha kome på firhjuling, med ei hagle på ryggen, og skote hunden utan forvarsel, skriv Aftenbladet.

Artikkelen held fram under bilete

Hunden Tønes

Hunden Tønes vart skoten og drepen på Hellestø på sundag.

Foto: Privat

Saka er meldt til politiet og blir no etterforska.

– Ein hundeeigar har meldt ein mann for å ha skote hunden hans då dei gjekk tur på Hellestø-stranda på sundag, stadfesta vaktleiar Morten Vestbø i Rogaland politidistrikt i dag.

Kjelder NRK har snakka med fortel at mannen som skaut, ikkje sjølv driv med sauer, men er tilknytt ein gard som gjer det.