Hopp til innhold

Denne karen blei ein hit i 2015

Stig Roar Olsen sin lidenskap for gamle ting slo an i 2015. Det gjorde også grove Snapchat-bilete og bilparkering i stova. Her er dei ti mest leste sakene frå NRK Rogaland i 2015.

Stig Roar

Stig Roar Olsen er svært glad i gamle dagar. Han har mellom anna innreia leilegheita si i same stil som dei hadde på 1800-talet.

Foto: NRK

1.-plass: Politiet har fått tips om Snapchat-kanal (146,688 visingar)

Sprer grove bilete på Snapchat
Foto: Faksimile

Artikkelen om Snapchat-kanalen som spreidde bilete med seksuelt innhald, var den artikkelen som vart lest flest gonger i 2015.

Politiet fekk i juni uromeldingar om ein Snapchat-kanal, der bilete med seksuelt innhald blei spreidd ut til fleire tusen brukarar. Ingen hadde kontroll på om folka på bileta var med på leiken.

I løpet av året har kanalen blitt stengd fleire gonger, og den er no nede for teljing, skriv Jærbladet.

2.-plass: Denne karen handlar ikkje på IKEA (146,060 visingar)

Stig Roar Olsen er bare 23 år gammel, men har en interesse neppe mange på hans alder deler. Alt som er gammelt, særlig ting fra hjemmet, er hans store lidenskap her i livet.

23 år gamle Stig Roar Olsen frå Karmøy har blitt rikskjendis i 2015. I juli laga NRK Rogaland ein reportasje om mannen som har ei lidenskapeleg interesse for det som er gamalt, og responsen var enorm.

Sidan har også rikspressa fått auga opp for den unge mannen. Og i NRK Rogaland har han dukka opp fleire gonger, mellom anna med tips om korleis juleførebuingane vart gjort for hundre år sidan.

3.-plass: Får ikkje kreftmedisin – blar opp 1,8 millionar (145,969 visingar)

Firebarnsmora med alvorlig kreft får ikke medisinen som kan forlenge livet hennes, til tross for at den er lovlig. Nå betaler familien sjøl.

Firebarnsmora Monica Tjåland si historie rørte mange i 2015. Tjåland er alvorleg kreftsjuk, og medisinen som kan forlenge livet hennar var lenge ikkje godkjent av norske helsemyndigheiter.

Difor betalte familien for medisinen sjølv, og alvorleg sjuke Tjåland måtte reise til ein privatklinikk for å få behandlinga.

I slutten av november godkjente norske helsemyndigheiter medisinen, og ho kan no få behandling på sjukehuset.

4.-plass: Fire menn er pågrepet i Tina-saka (140,704 visingar)

Totalt fire menn er pågrepet i forbindelse med drapet på Tina Jørgensen. Alle er siktet for drap eller medvirkning til drap.

I september skjedde det ei overraskande utvikling i Tina-saka. 15 år etter at Tina Jørgensen vart funnen drepen, vart fire menn frå Lyngdal arresterte og sikta for drap eller medverknad til drap.

Dei fire nekta alle straffskyld, og i oktober vart dei alle slupne fri frå varetektsfengsling. Dei er framleis sikta i sak, og etterforsking held fram.

5.-plass: Haugesunderen parkerer framfor salongbordet (107,918 visingar)

Bil i stua
Foto: Thomas Halleland / NRK

Mange har latt seg forundre over den ganske så uvanlege parkeringsplassen til Nils Wathne frå Haugesund.

For då helsa svikta, løyste Wathne problema på ein ny måte. Han parkerte den splitter nye Mercedesen i stova.

Han bur i andre etasje, i huset der han i mange år dreiv bilbutikk i Haugesund. Ei køyrebru tek han og bilen opp til ein garasjeport i ytterveggen. Derfrå er det rett inn på stovegolvet.

– Eg har kort veg frå bilen til kjøkkenet og soverommet, sa Nils Wathne til NRK Rogaland i april.

6.-plass: Her gøymde barnefaren seg for politiet (98,951 visingar)

Mannen gøymde seg under denne senga

– I eitt av husa der politiet trudde barnemora ikkje budde åleine fann vi ein mann under senga, sa politijurist Emilie Netteland i Rogaland politidistrikt til NRK Rogaland i mai.

Då gjekk NAV og politiet i Rogaland til aksjon mot stønadsmottakarar, som hadde fortalt NAV at barnefaren ikkje lenger budde i lag med mor og barn. Då har mor rett på meir hjelp frå det offentlege, fordi ho blir klassifisert som åleineforsørgar.

Politiet avslørte sju par i aksjonen, der det etter politiet si meining gjekk fram at barnefaren likevel budde i lag med mor og barn.

7.-plass: Mann siktet for 15 år gammalt drap (98,155 visingar)

Tina Jørgensen
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Om morgonen 17. september kom meldinga om at politiet dagen før, hadde arrestert ein 36 år gamal mann i Lyngdal, i forbindelse med Tina-saka. Seinare vart tre andre menn også arresterte og sikta i saka.

8.-plass: Disse bustadene hylles av departementet (96,507 visingar)

Billigere boliger
Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Mange ville lese om den nye typen bustadar, som er billege og skal hjelpe unge, utan eigenkapital, inn på bustadmarknaden. 32 slike bustadar er bygd på Randaberg.

9.-plass: Han sparte 25.000 på å bli medlem i bondelaget (95,678 visingar)

Andreas Eidsaa med sin Nissan
Foto: Privat / NRK

Andreas Eidsaa er ingen bonde, men likevel er han medlem av Bondelaget. Og det gir han fordelar. Då han skulle kjøpe seg ny bil fekk 25.000 kroner i rabatt, årsaka var hans medlemskap i bondeorganisasjonen.

10.-plass: Sydenferien blei et pengesluk (91,017 visingar)

Silje Christensen bestilte reise på nett
Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Denne nyheita slo an midt i fellesferien. Silje Christensen frå Sola bestilte sin sydenferie på nettet. Men berre ei veke før avreise blei plutseleg returbilletten kansellert, En veke før avreise blei plutseleg returbilletten kansellert. Turen som skulle koste 18.500 kroner enda opp med ein prislapp på 33.000 kroner.