Hopp til innhold

Her gøymde barnefaren seg for politiet

Barnemora fekk ekstra Nav-stønad som åleineforsørgar, men politi meiner paret budde saman. Sju par i Rogaland er mistenkt for å ha svindla til seg millionar av kroner.

Mannen gøymde seg under denne senga

VIDEO: Politiet fann ein mann som gøymde seg under denne senga, då dei tok seg inn i eit hus under aksjonen mot trygdesvindel denne veka.

– I eitt av husa der politiet trudde barnemora ikkje budde åleine fann vi ein mann under senga, seier politijurist Emilie Netteland i Rogaland politidistrikt.

Emilie Netteland, politijurist i Stavanger

Emilie Netteland er politijurist i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det gjekk fem-seks minutt frå politiet ringde på og til dei slapp inn. I mellomtida fjerna paret plankane i sengebotn og så gøymde han seg under der før ho la madrassen oppå igjen.

– Og her går jo kantane heilt ned slik at det ikkje går an å sjå under senga. Så det tok ei stund før politiet fann mannen, seier Netteland.

Mannetøy i klesskap på adresse der det berre bur ei kvinne

Mannetøy i eit klesskap på ei adresse der det berre skal bu ei kvinne.

Foto: Politiet

Fekk 3,5 millionar i trygd

Denne veka har Nav og politiet i Rogaland hatt ein felles aksjon mot stønadsmottakarar, som fortel Nav at barnefaren ikkje lengre bur i lag med mor og barn. Då har mor rett på meir hjelp frå det offentlege, fordi ho blir klassifisert som åleineforsørgar.

Av dei kontrollerte har politiet avslørt sju par, der det etter politiet si meining går fram at barnefaren likevel bur i lag med mor og barn.

Dei fjorten personane er sikta for grovt bedrageri eller medverknad til dette, frå 200.000 kroner som lavaste beløp, til 800.000 kroner som høgaste beløp. Til saman har politiet mistanke om at dei har svindla for tre og ein halv million kroner.

Bevis på svindel

I tillegg har politiet vore inne i bustader der dei har funne skap fulle av herreklær og arbeidstøy til ein mann som ikkje skal bu på adressa.

Politiet har også funne fleire vaksentannbørstar på bad i husvære der det berre skal bu ein vaksen person.

Det er både etnisk norske og utanlandske personar sikta i saka.

Eit stort problem

I 2013 viste ei utrekning frå Proba samfunnsanalyse, som regjeringa hadde bestilt, at om lag fem prosent av trygdeutbetalingane i heile landet kunne ha skjedd som resultat av svindel. Det utgjer om lag 330 millionar kroner.

I fjor blei 66 personar avslørte i Noreg, skulda for å ha mottatt 20.2 millionar kroner dei ikkje hadde rett på. I Rogaland blei 13 personar avslørte i fjor, og beløpet dei hadde svindla var 2,3 millionar kroner.

Eit spørsmål om tillit

Gerda Baustad Sirnes er avdelingssjef i NAV kontroll vest.

Slike aksjonar tar vare på tilliten til trygdesystemet i Noreg, seier Gerda Baustad Sirnes, som er avdelingsdirektør i NAV kontroll vest.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har ei velferdsordning i Noreg som er bygt på tillit. Dei som misbrukar tilliten skal få oppleva at det har ein konsekvens, seier Gerda Baustad Sirnes, avdelingsdirektør i NAV kontroll vest.

Det er kontrollavdelinga i NAV som har gitt politiet i Rogaland opplysningar om mogeleg trygdemisbruk.

Det er veldig viktig at det er ein kontrollfunksjon som avdekkjer dei som ikkje har krav på stønaden dei får, seier Baustad Sirnes.