Hopp til innhold

Skogbrann på Jørpeland

Skogbrannen i Jørpeland i Strand er nå under kontroll. Brannårsaka er foreløpig ukjent.

Skogbrann på Jørpeland

Brannen starta i området over Utsiktsveien i Jørpeland sentrum.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Klokka 1448 melde politiet at det var brann i skog og kratt på Jørpeland, nærmare bestemt i nærleiken av Utsiktsvegen, eit stykke opp i lia overfor sentrum.

Samstundes melde brannvesenet at dei ikkje hadde kontroll over brannen.

Omlag klokka halv fire var brannen under kontroll, og foreløig sløkt. Brannvesenet driv nå med etterslukking, slik at det ikkje er fare for at brannen blussar opp igjen.