Hopp til innhold

Meiner tavler i klasserommet gjer dei betre i matte

Ny matte-metode har gitt framgang på nasjonale prøver i Haugesund. Elevane synest dei lærer meir, og tavlene lèt dei jobbe slik matte er i dagleglivet, meiner studentar som forskar på metoden.

Fredrik Omdal Fuglestad, elev i 8. klasse ved Danielsen ungdomsskole

Åttandeklassingen Fredrik Omdal Fuglestad ved Danielsen ungdomsskule i Haugesund synest den nye matematikkundervisninga er mykje kjekkare og meir lærerik.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

I klasserommet hengjer det ti kvite tusjtavler. Elevane står i grupper på tre. Kvar gruppe har ei eiga tavle som dei løyser matematikkoppgåvene på.

– Eg lærer meir, det er mykje kjekkare og eg er mykje meir engasjert i å gjere oppgåvene, seier Fredrik Omdal Fuglestad i 8. klasse ved Danielsen ungdomsskule i Haugesund.

Skulen er ein av dei første ungdomsskulane i Noreg som har tatt i bruk metoden som blir kalla det «tenkende klasserom» i matematikkundervisninga på alle trinn.

– Dette er den beste undervisninga eg nokosinne har hatt, seier Fredrik Omdal Fuglestad.

Fredrik Omdal Fuglestad, elev i 8. klasse ved Danielsen ungdomsskole i Haugesund.

Fredrik Omdal Fuglestad og dei andre elevane jobbar saman i grupper på tre.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Metoden er utarbeidd av den svenske professoren Peter Liljedahl. Den har byrja å vekkje interesse blant både forskarar og lærarar verda over.

Undervisninga startar ofte med at læraren viser elevane ein video, og elevane får gjerne ei praktisk oppgåve knytt til videoen.

I tillegg viser Liljedahls forskingsfunn at elevane er meir aktive og engasjerte viss dei står.

– Vi får til dømes i oppgåve å rekne ut kor fort vi går til skulen. Undervisninga blir betre fordi vi har vår eiga tavle å rekne på, og kan diskutere det i grupper, seier Omdal Fuglestad.

– Praktisk og kjekkare undervisning

Matematikklærar Frode Kristensen begynte å interessere seg for den nye undervisningsmetoden for tre år sidan. Han sette i gang på sin eigen skule i Haugesund.

Resultatet er at elevane får auka forståing for faget.

– Mange synest det er vanskeleg og flaut å snakke matematikk og kjenner seg dumme dersom dei svarer feil. Men her får dei diskutere mykje saman og blir flinke til å løyse problem. Då ser vi at dei får det til, seier Kristensen.

Frode Kristensen, matematikklærer ved Danielsen ungdomsskole i Haugesund

Lærer Frode Kristensen meiner får auka forståing for matematikkfaget gjennom undervisningsmetoden «Tenkende klasserom».

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Å bruke «Tenkende klasserom» har også gitt framgang på dei nasjonale prøvene i matematikk.

Undervisninga er praktisk og mykje kjekkare. Elevane får også mykje meir enn å berre lære fagstoff.

Er dette undervisninga i framtida?

– Ja, absolutt. Dette er allereie i gang fleire stader i Noreg, og dette må vi halde fram med, seier Kristensen.

Forskarar er fascinerte

Matematikkstudentar ved Universitetet i Stavanger skal totalt skrive tre masteroppgåver om «Tenkende klasserom». Dei har filma og gjort lydopptak av undervisninga, samtalane mellom lærar og elev og mellom elevane ved Danielsen ungdomsskule.

Dylan Irons har late seg fasinere av den nye metoden.

– Dette er veldig spennande. Den tradisjonelle undervisninga er eigentleg ganske kjedeleg, seier Irons.

Masterstudent i matematikk ved Universitetet i Stavanger, Dylan Irons.

Matematikkstudent, Dylan Irons, synest undervisningsmetoden «Tenkende klasserom» verkar veldig spennande.

Han er ein av studentane som har følgt matematikkundervisninga i Haugesund tett i fleire dagar.

– Det er herleg å sjå at nokon skular prøver å praktisere meir reformbasert undervisning. Dei gjer ordentleg matematikk i staden for å berre lære og pugge formlar.

Irons meiner «Tenkende klasserom» klarer å ta innover seg den matematikken vi bruker i dagleglivet.

– Matematikk handlar jo eigentleg om å snakke i fellesskapet, og samarbeide om å løyse problem. Det er jo akkurat det dei gjer på tavlene som heng rundt i klasserommet, seier studenten.