NRK Meny
Normal

MC-førar alvorleg skadd i frontkollisjon

Ein motorsyklist i 60-åra er frakta til sjukehus med alvorlege skader etter ein frontkollisjon ved Skokland nord i Haugesund.

Trafikkulukke Skokland

Ein MC-førar kolliderte med ein lastebil ved Skokland i Haugesund torsdag morgon.

Foto: Jan Kåre Ness

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 09.04 torsdag.

– Det kan tyda på at MC-føraren har kome over i feil køyrefelt, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg.

Motorsyklisten køyrde i nordgåande retning, lastebilen i sørgåande.

Den skada MC-føraren er frakta til Haugesund sjukehus, og fylkesveg 47 blei stengt på grunn av ulukka.

Den 65 år gamle motorsyklisten er alvorleg skada. Han er i formiddag fløyet til Haukeland sykehus i Bergen, får NRK opplyst ved Haugesund sjukehus.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på plass for å undersøka kva som har skjedd.

Klokka 10.26 melder Statens vegvesen at fv. 47 er opna igjen etter ulukka.