Hopp til innhold

Mathea (16) satsar hardt på motocross

Ho byrja å køyra motorsykkel då ho var ni år. Nå kjempar Mathea Selebø frå Sokndal om å bli ei av dei beste i verda.

Ho byrja å køyra motorsykkel då ho var ni år. Nå kjempar Mathea Selebø frå Sokndal om å bli ei av dei beste i verda.

Det går fort når 16 år gamle Mathea Selebø trenar på crossbanen på Elgane på Varhaug.

– Nesten kvar dag dei siste åra har me drive på med noko som har med dette å gjera, seier Frank Selebø.

Han er pappa til Mathea, og det er dei to som saman har lagt ned enorme mengder tid for at Mathea skulle bli ei av dei beste motocross-utøvarane i verda.

– Målet i år er å hamna på topp ti i verdsmeisterskapet, seier Mathea.

I fjor blei den unge jenta noregsmeister etter å ha ligge på sølvplass to år på rad, og etter to EM-rundar ligg ho nå på ein samla femteplass. Det er derfor forventingane til årets sesong, som allereie er i gang, er større enn nokon gong.

Mathea Selebø

Trass sin unge alder er ikkje Mathea Selebø redd for å visa musklar på crossbanar ute i Europa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Kan ikkje samanliknast med noko anna

Mathea går på idrettslinje på Sandnes vidaregåande skule, og får undervisning og prøvar lagt til rette, slik at det skal passa til det heftige reiseprogrammet ho har saman med far sin.

Berre i år skal dei køyra EM- og VM-rundar i sju land på kontinentet. På toppen av dette kjem NM-rundane. Ho er likevel ikkje i tvil om at det er verdt det.

– Kjensla du får når du køyrer løp kan ikkje samanliknast med noko anna. Det er eit enormt adrenalinkick, forklarar ho.

Og pappa har lova å vera med så lenge ho ønsker å satsa.

– Eg vil halda fram med dette så lenge eg synst det er kjekt, og det er det nå, seier ho.

Vestlandsjenter i front

Den største konkurrenten til Mathea frå Norge heiter Genette Våge, og kjem frå Stavanger. Mathea meiner at det er tilfeldig at to av dei fremste motocrossførarane på jentesida kjem frå Rogaland, men seier likevel at det er kjekt.

– Me er to jenter som ønsker å få til noko, og som jobbar hardt med det. Men så er det jo kjekt at me viser at det ikkje berre er på Austlandet dei kan køyra cross, seier ho.

Til helga skal dei begge køyra VM-runde i Frankrike før ho vender tilbake til Noreg for å køyra NM-runde på Varhaug første helga i juni.