Hopp til innhold

Masseslagsmål i Stavanger

Politiet måtte stoppa eit masseslagsmål på Byterminalen i Stavanger før fotballkampen mellom Viking og Sandnes Ulf. Stemninga skal vera amper mellom supporterane.

– Ein person er skadd og NSB melder om at stemninga er amper, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Brit Randulff.

Politiet på plass

Då NRK kom på staden hadde toget med supporterane reist, men både politi og ambulanse var framleis på plass.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Ho seier at det var NSB som varsla politiet om masseslagsmålet klokka 17.11.

– Me har sendt ut fleire politipatruljar, seier Randulff. Etter det NRK kjenner til skal det vera om lag 15 supporterar frå kvar klubb som har vore involvert i slagsmålet.

Politiet fekk roa gemytta og toget med dei trøblete supporterane gjekk med forseinka avgang frå Stavanger i 17.30-tida. På Viking stadion blei dei tekne i mot av politiet, som skilde dei to gruppene.

Personen som er skadd er i 20-åra. Det skal berre vera snakk om kuttskadar.

Lokaloppgjeret mellom Sandnes Ulf og Viking byrja klokka 18.00 i dag. For første gong på fleire år er Viking stadion utseld. Det går både tog frå Sandnes og Byterminalen i Stavanger til Jåttåvågen, der Viking stadion ligg.

Politiet har fleire patruljar ute ved stadion, dersom det skulle oppstå bråk etter kampen.

NSB melder om at bråket på Byterminalen ikkje påverkar togavgangane utover kvelden.

Bråk på byterminalen

Saka blir oppdatert ...