Hopp til innhold

Mann (46) hoppa sju meter ned frå Jernbanelokket i Stavanger

Ein rusa mann blei i natt frakta med ambulanse, etter å ha hoppa dryge sju meter.

Jernbanelokket i Stavanger

Natt til første mai hoppa ein mann ned frå Jernbanelokket, som ligg over Stavanger togstasjon i sentrum av byen.

Foto: Leif Harboe / Flickr

Klokka 03.12 rykka politiet ut til Stavanger byterminal. Dei hadde fått melding om at ein mann skulle ha hoppa ned frå Jernbanelokket.

Dette viste seg å stemma. Då dei kom på plassen trefte dei ein 46 år gamal rusa mann. Han klaga på smerte i ryggen etter fallet på dryge sju meter ifølgje politiet.

Politiet har ikkje kome i kontakt med vitne som har sett heile hendinga, og veit ikkje kvifor mannen hoppa.

Flere nyheter fra Rogaland