Mange kan bli suspenderte i sesongavslutninga

Heile seks av spelarane som startar for Haugesund i kveldens kamp mot Brann blir suspendert om dei får gule kort. Sportssjef i FKH Asbjørn Helgeland lover likevel at dei skal trør til i taklingane.

FK Haugesund

Nikola Djurdjic kan bli svært viktig for FKH i sesongavslutninga. Ved neste gule kort må han stå over ein kamp.

Foto: Jan KÂre Ness / Scanpix

FK Haugesund er så langt den einaste klubben i tippeligaen som ikkje har fått suspenderte spelarar som følgje av gule kort.

Men med stadig fleire spelarar med to gule kort er Helgeland redd for at statistikken snart ryk. Og det det kan allereie bli i vestlandsoppgjeret mot Brann fredag klokka 19.00.

– Det verst tenkelege er om me mistar begge spissane våre samstundes, seier Helgeland.

For det vil vera viktig for Haugesund å stilla med best mogleg mannskap i sesongavslutninga der dei kjemper i øvre del av tabellen berre tre poeng bak Brann.

– Nå har me fått dei fleste skadefri, så me vil nok kunna tola at folk må stå over ein kamp, men fleire spelarar samstundes vil ikkje vera det beste, seier han.

Han er stolt over å vera ein av dei «snillaste» klubbane i Tippeligaen, og den einaste der ingen spelarar har fått meir enn to gule kort.

– Me snakkar ikkje på oss unødvendige kort, men me trør likevel til i taklingane, seier han.

Så sjølv om meir enn halvparten av spelarane til Haugesund får suspensjon ved gult kort, er alt duka for ein spanande toppkamp med høg temperatur på Brann stadion i dag.