Hopp til innhold

Uavgjort for Brann i Haugesund

Det blei ein målrik kamp mellom Brann og FK Haugesund.

Eirik Mjelde

Erik Mjelde scora det første målet i Brann sin kamp mot FKH.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Brann møtte fredag kveld FK Haugesund (FKH) i eit vestlandsderby på Haugesund stadion.

Brann tok leiinga etter berre 11 sekund, då Erik Mjelde scora.

Mjelde tangerer dermed Tommy Øren sin rekord på raskaste scoring i Eliteserien. Øren scora etter 11 sekund for Ham-Kam mot Tromsø i 2006.

Målrikt

FKH utlikna etter berre 7 minutt, og leia kort tid etter 2-1.

LES OGSÅ: Vil knuse FKHs hjemmestatistikk

FKH scora igjen 26 minutt ut i kampen, men då det var rundt ti minutt igjen til pause scora både Kim Ojo og Diego Guastavino for Brann.

Det blei ein målrik første omgang, og stillinga stod 3-3 til pause.

– Ein kokos første omgang

I andre omgang hadde Brann to målsjansar og FKH hadde ein, men ingen av laga scora.

– Ein kokos første omgang. På 3-1 var eg sikker på at me skulle dra i land dette, sa Haugesund-målscorar Thomas Sørum til Max etter kampen.

Sørum skildrar andre omgang som eit lite antiklimaks, og meiner begge laga hadde svidd av for mykje i første.

Historisk

– Eg høyrte i garderoba at eg var historisk. Det er gøy å få namnet i historiebøkene, sa Erik Mjelde til Max etter kampen.

– Me viste enorm lagmoral og henta opp to mål før pause, sa Mjlede om utvklinga i første omgang av kampen.

LES MEIR OM KAMPEN HER