Hopp til innhold

Fleire tusen juletre har ikkje overlevd vinteren

Ein hard vinter har tatt knekken på svært mange juletre i Ryfylke. Olav Ravnås frå Strand er nå i gang med å saga ned 50.000 av sine 300.000 edelgraner.

Ein hard vinter har tatt knekken på svært mange juletre i Ryfylke. Olav Ravnås frå Strand er nå i gang med å saga ned 50.000 av sine 300.000 edelgraner.

►SJÅ VIDEO: Olav Ravnås må bruka sommaren på å saga ned daude juletre. Han har tapt millionar på det kalde vêret.

– Det var på slutten av mars det skjedde. Det var minus ti grader om natta og ein meter tele om natta. Då dagen kom blei det sol og seks til åtte plussgrader. Når trea då ikkje får vatn frå jorda, tørkar dei ut, fortel juletreprodusent Olav Ravnås frå Strand i Ryfylke.

Tørrfrosten tok knekken på 50.000 av juletrea hans, av typen nordmans edelgran.

Trea er gulbrune, og blir nå saga ned eitt etter eitt. Kvart tre kostar Ravnås om lag 150 kroner. Tapet i salsinntekter er dermed samla sett ein stad mellom to og tre millionar kroner.

Ikkje aleine

– Eg reknar ikkje med at me får så mange nye vintrar av denne typen, så eg står på vidare. Men eg kjem til å satsa på meir hardføre juletre framover, seier Ravnås.

Han er langt frå den einaste som har mista juletre i vinter. Fleire andre produsentar i Ryfylke melder om det same, og også nokon frå Agder-fylka, ifølgje Terje Pundsnes, tidlegare leiar i Ryfylke juletre- og pyntgrøntlag.

– Det varierar frå plass til plass, men det finst dei som har mista alle trea sine. Likevel er det nok Ravnås som har hatt det største tapet, sidan han produserer så mange tre, seier Pundsnes.

Kombinasjonen austavind, sol og tele i jorda denne våren er hovudårsaka til at Ryfylke har fått det verst.

– Folk får juletre i stovene

Trass massedøden i Ryfylke treng folk ikkje vera urolege for julaftan, forsikrar han.

– Det blir færre Rogaland-tre på marknaden i år. Men Danmark har ikkje hatt dette problemet, så me blir berga av import og produksjonen i andre delar av landet, seier Pundsnes.

Men dei daude trea vil ikkje vera til stor nytte på julaftan, om ein ikkje kappar av toppen på trea og lagar rørepinnar til julegrauten.

Trass milliontap for produsentane, får dei ikkje erstatning.

– Det finst ikkje forsikring mot denne type tap. Dei fleste juletreprodusentane er berre forsikra mot skogbrann, seier Pundsnes.

Men Ravnås lar seg altså ikkje skremme av milliontap og vanskeleg vær. 50 000 nye småtre, like mange som han har mista, har han sett i jorda denne våren i håp om at julaftan 2014 blir eit betre år for pynta Ryfylke-juletre.