Hopp til innhold

Talet på studentar over 50 år er dobla i forhold til kva det var for ti år sidan

– Det er ei ny samfunnstrend at så mange eldre vil studera seier Leiv Gunnar Lie, kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Stavanger.

Solveig Nessa

Solveig Nessa (59) var ferdig med mastergrada si i historie i juletider, men ho blir nok å finna i førelesingssalar på UiS også i framtida.

Foto: Ruth Siri Espedal Lycke / NRK

Det er humanistiske og samfunnsvitskaplege fag som er mest populære hos dei eldre studentane, som stadig blir fleire og fleire.

– Det å bli eldre nå er ikkje det same som før, det blir stadig meir krav til livslang læring, seier kommunikasjonsrådgjevaren ved UiS.

Dobla

I 2009 var det 500 studentar over 50 som møtte opp til studiestart.

Tal frå Samordna opptak viser at dette er ei dobling sett opp mot kor mange som møtte til studiestart for ti år sidan. I same periode har den totale studentauken i landet vore på 20%.

Påfyll

Solveig Nessa er 59 år gamal, og vart nyleg ferdig med masteren sin i historie. Den tok ho på UiS, men sjølv om ho er ferdig med denne vil ho melda seg på fleire fag i framtida.

– Grunnen til at eg valde å studera var at eg trengte påfyll, og setja meg meir inn i kva som skjer i dag, seier ho.

Nessa er dagleg leiar i eit historisk spel, men seier at ho også tok studiane av den enkle grunn; å dyrka ein hobby.

Eigen type studentar

Dei eldre studentane skil seg ut frå dei unge seier Ketil Knudsen førsteamanuensis i Historie ved UiS:

– Dei er nokon av dei ivrigaste studentane me har. Dei stiller fleire spørsmål, tenker gjennom svara, og kjem med nye spørsmål.

«Fagshopping»

Kommunikasjonsrådgjevaren kallar dette ei samfunnstrend, også Solveig Nessa kan fortelja om pensjonistgrupper som saman studerer fag dei finn spanande.

– Dei shoppar nærmast fag, seier ho.

Nessa ser for seg at ho også etterkvart vil byrja med denne type «fagshopping».

Og sjølv om det blir fleire eldre studentar Kan Lie forsikra om at det ikkje går ut over dei unge studentane.

– Det er ingenting som tyder på at dei gamle skyv dei unge til sides.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra Rogaland