Hopp til innhold

Fann leivningar av menneske på ein holme

Thorleif Thorsen gjekk tur med hunden då han oppdaga leivningane av ein person ute på Terneholmen utanfor Haugesund.

Thorleif Thorsen gjekk tur med hunden då han oppdaga leivningane av ein person ute på Terneholmen utanfor Haugesund.

Thorleif Thorsen bur i området og var ute på tur med hunden på Terneholmen.

Norunn Byrknes

Norunn Byrknes er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Ho seier at leivningane ber preg av å ha lege ute lenge.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg var på holmen og gjekk tur med hunden og det var hunden som først oppdaga det, seier Thorleif Thorsen.

Det var fredags kveld at han oppdaga det som er leivningar av eit menneske på Terneholmen aust for Røvær i Haugesund.

– Det var heilt tilfeldig at eg var der. Dette er ein holme som folk sjeldan besøker. Eg har gått tur der før, men det er lenge sidan, seier Thorsen.

Har lege lenge ute

Han varsla politiet umiddelbart, og dei kom raskt til staden.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om identiteten til personen som er funne.

– Leivningane ber preg av å ha lege ute lenge. Det er ikkje mogleg å seia om det er eit ungt eller gamalt menneske, eller om det er ei kvinne eller ein mann, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrknes.

Terneholmen

Her på Terneholmen aust for Røvær vart leivningane funne.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Vil be Kripos om hjelp

Leivningane er transporterte til land og vil bli frakta til Gades Institutt for obduksjon. Politiet vil også be Kripos si ID-gruppe om hjelp for å fastslå identitet, og for å finne ut om personen er meld sakna.

– Kripos har oversikta over sakna både her til lands, og utanfor landets grenser, seier Byrknes.

Politiet veit førebels ikkje om det kan liggja noko kriminelt bak.

Saka vil bli fulgt opp av Haugesund politistasjon i veka som kjem.

– Ekkel oppleving

Funnet har gjort inntrykk på Thorleif Thorsen.

– Det var ei ekkel oppleving. Men på ein måte var det jo betre at eg fann det, enn at små barn skulle ha gjort det, seier Thorsen.

No håpar han at politiet finn ut kven denne personen er.

– Eg håpar at familien kan få eit svar.

Røvær