Hopp til innhold

Arrangøren nektar å gi slepp, men russearrangement heng i ein syltynn tråd

Over 14.000 russ skal etter planen møtest til Landstreff Stavanger i mai. Arrangøren planlegg treff, men kommunen har lite tru på at det blir russefest.

Russen inntar Kongeparken

Det er venta russ frå heile landet til Landstreff Stavanger i mai.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Gitt alle dei signala vi får frå helsestyresmaktene, ser eg ikkje for meg at dette treffet kan arrangerast, seier Frode Fjeldsbø (Ap), ordførar i Gjesdal.

Kvart år kjem tusenvis av russ frå heile landet til kommunen i Rogaland for å feire at 13 år på skule er over. Dette året blir det mest sannsynleg inga festhelg.

– Det vil komme ei formell avklaring frå kommunen i løpet av kort tid, seier ordføraren.

Årets arrangement er det 34. i rekka.

– Må vente og sjå

Landstreff Oslo er allereie avlyst, og det store landstreffet for russ på Lillehammer er og avlyst.

Landstreff Stavanger planlegg framleis som at arrangementet går sin gang andre helga i mai.

Russetreff

Truleg ingen russeklemmar i Kongeparken i 2020. Det går mot avlysing for det største russetreffet i landet.

Foto: Erik Waage

– Det er for tidleg å seie noko om korleis samfunnet utviklar seg. Vi må vente og sjå kva som skjer, seier Aasmund Lund, presseansvarleg for Landstreff Stavanger.

– Akkurat no veit vi ikkje noko om vekene framover, og planlegg for at Landstreff Stavanger skal gå som planlagt.

Skuffa russ

Det er mange russ som ser fram til det store arrangementet som blir sett på som eit høgdepunkt i russetida. Magnhild Lode Ege, visepresident på Bryne vidaregåande skule, er ei av dei som har gledd seg til russefest i Kongeparken.

– Det hadde vore greitt å vite om det skjer eller ikkje. Om det er vits å glede seg. Eigentleg trur eg ikkje det er mogleg. Det er så ekstremt mange folk på éin stad, og ein veldig rar situasjon. Vi berre ventar på beskjed frå arrangørane.

Magnhild Lode Ege

Magnhild Lode Ege fra Jæren har lyst på en klarhet i om det blir russetreff i Kongeparken eller ikke.

Foto: Privat

Dersom det blir avlysing, reknar ho med at mange blir skuffa. Likevel er det brei forståing frå russen.

– Dei fleste synest jo det er veldig kjipt, men alle eg snakkar med forstår det. Det viktigaste no er å forhindre smitten. Det beste er sannsynlegvis å avlyse, og dei fleste er samde om å tenke helse først, seier ho.

Snakk med andre kommunar

Det er kommunane som har primæransvaret for smittevernet. Dermed har dei med bakgrunn i smittevernloven myndigheit til å avlyse arrangement som dette.

Landstreff for russ på Lillehammer

Også russetreffet på Lillehammer står i fare for å bli avlyst.

Foto: Alexander Nordby / NRK

I Gjesdal er det no avklaringsmøte knytte til dette arrangementet.

– Vi samordnar oss òg med dei andre kommunane i landet som har store arrangement for russen, seier ordføraren.

Og dersom det no skulle bli pause i år, håper kommunen at det blir fullt av russ på plass i 2021.

– Eg trur, håper og reknar med at Landstreffet er tilbake neste år dersom det skulle bli pause i år på grunn av den spesielle situasjonen vi står i, seier Fjeldsbø.