Hopp til innhold

Kvinne frakta til sjukehus etter å ha brote seg inn i heim på Karmøy

Ein mann og ei kvinne braut seg i natt inn i ein heim på Karmøy. Mannen som bur i huset stakk ned kvinna, før han søkte tilflukt på ein bensinstasjon.

Haugesund sykehus

Kvinna i 30-åra som blei frakta til Haugesund sjukehus med ein stikkskade i natt skal ikkje vera livstrugande skadd.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Like før klokka halv tre i natt blei politiet kontakta av ein mann i 30-åra som fortalde at to personar var i ferd med å bryta seg inn i heimen hans på Avaldsnes i Karmøy kommune. Politiet kunne i bakgrunnen høyra at dei to slo seg inn gjennom døra.

– Då me kom fram på staden fann me begge inntrengarane. Ein mann i 20-åra og ei kvinne i 30-åra. Kvinna hadde stikkskade og blei frakta til sjukehuset i Haugesund. Skadane hennar er ikkje livstrugande, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund, Jarle Utne-Reitan.

Fornærma stakk kvinna med ein gjenstand

Mannen i 20-åra sit nå i arresten.

Politiet opplyser at det er den fornærma som stakk kvinna, før han sjølv flykta frå heimen sin.

Brukte han kniv?

– Me har teke beslag i nokre gjenstandar som kan vera aktuelle å undersøka opp mot skadane som inntrengaren er påført.

Søkte tilflukt på ein bensinstasjon

Alle dei tre involverte i saka er kjenningar av politiet, også den fornærma.

– Han blei veldig skremd av det han opplevde. Han klarte å stikka av frå huset, og etter kvart søkte han tilflukt på ein bensinstasjon. Me har hatt han inne til avhøyr nå, og det ser ut som om han skal koma frå det greitt, fortel Utne-Reitan.

Nå skal saka etterforskast. Dei skal mellom anna sjå på om stikket den fornærma påførte inntrengaren er innanfor det ein kan gjera når folk bryt seg inn i ein heim på denne måten.