Hopp til innhold

Kvinne (19) påkøyrd i Karmøy

Ei syklande kvinne (19) blei i dag tidleg påkøyrd ved barneskulen på Kopervik i Karmøy.

Kvinne påkøyrd

Her ved fotovergangen i Asaldalsvegen på Kopervik blei den 19 år gamle kvinna påkøyrd i halv nitida tysdag morgon.

Foto: Kristian Eidesvik

I halv nitida tysdag morgon blei ei kvinne på sykkel påkøyrd av ein personbil like ved Kopervik skole på Karmøy i Asaldalvegen. Ulukka skjedde i ein fotovergang.

Den unge kvinna skal ha vore medviten etter ulukka, men blei tatt med av ambulansen opplyser politiet.

– Me kjenner førebels ikkje hendingsgangen i samanheng med ulukka, men har patrulje ute på staden, seier Norunn Byrknes, som er operasjonsleiar i Hordaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Det skal ikkje vera store trafikkproblem på staden, sidan Asaldalvegen er ein sideveg til riksveg 47.

Flere nyheter fra Rogaland