Hopp til innhold

Kuttar melkeavgift for å få smør

Som eit nytt grep for å få meir smør i butikkane fjernar regjeringa nå avgifta for å produsera melk utover kvota.

Det betyr at melkebøndene får produsera så mykje melk dei vil fram til neste kvoteår i mars.

Det var meierisamvirket Tine, saman med bondeorganisasjonane, som tok initiativ til den nye ordninga.

Dei som allereie har betalt overproduksjonsavgift får nå denne tilbakebetalt.