Hopp til innhold

To døydde etter eksperimentell behandling: – Pasientane fekk ikkje nok informasjon

Fleire sjukehus innførte ein ny og eksperimentell metode – utan å forske på konsekvensane av han. To pasientar mista livet og fleire fekk komplikasjonar.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Stavanger universitetssjukehus var eitt av sjukehusa som nytta den eksperimentelle metoden mellom 2014 og 2018.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mellom 2014 og 2018 dreiv fleire sjukehus med ein ny, eksperimentell kirurgisk metode.

Personar med endetarmskreft fekk i hovudsak den nye behandlinga ved sju norske sjukehus.

Men seks av dei forska ikkje på korleis det gjekk med pasientane som fekk behandlinga, om den faktisk fungerte og kva komplikasjonar dei fekk.

Behandlinga vart stoppa, men ikkje før ti kreftpasientar hadde fått livstrugande tilbakefall og to av dei hadde mista livet.

Ein ny rapport (ekstern lenkje) syner at tryggleiken til pasientane ikkje var godt nok teke vare på av sjukehusa.

Akershus universitetssykehus

Akershus universitetssjukehus var eitt av dei sjukehusa som i størst grad nytta den eksperimentelle metoden på 2010-talet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fekk ikkje nok informasjon

Det er Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) som har skrive rapporten som kom tysdag.

Direktør Pål Iden seier seks av dei sju sjukehusa som tok i bruk metoden ikkje sette i gong noko forsking på konsekvensar av behandlinga, komplikasjonar for pasientane eller om metoden faktisk var effektiv.

– Korleis kan eit sjukehus starte opp med ein eksperimentell metode utan å gjere forsking på det samstundes?

– Eg trur at det er veldig godt på plass når det gjeld innføring av nye medisinar. Det vert organisert som solide forskingsprosjekt. Det er i mindre grad tradisjon for dette innan kirurgien, seier Iden.

– Fekk pasientane nok informasjon før dei gjekk med på desse kirurgiske inngrepa?

– Nei. Pasientane vart presentert dette som ei forbetring av den eksisterande metoden – som det nyaste og beste – utan at ein diskuterte med pasienten at dette faktisk er ein utprøving av ein ny metode ein korkje har sikker kunnskap om tryggleiken eller effekten av.

– Det er gjennomgåande hjå desse sjukehusa at dialogen med pasienten svikta, seier Iden.

Pål Iden

Pål Iden er direktør i Ukom.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire pasientar skadde

Sju norske sjukehus tok i bruk taTME-metoden for behandling av endetarmskreft av 157 pasientar.

Ifølgje Dagens Medisin var det desse sjukehusa som nytta metoden mellom 2014 og 2018:

  • Helse Bergen ved Haukeland universitetssjukehus
  • Akershus universitetssjukehus (Ahus)
  • Sjukehuset Innlandet HF Gjøvik
  • Vestre Viken HF i Drammen
  • Oslo universitetssjukehus
  • Stavanger universitetssjukehus
  • Nordlandssjukehuset

Dei siste tre opererte færrast pasientar, mellom éin og tre kvar.

Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus var blant sjukehusa som opererte flest med taTME-metoden.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Få fekk erstatning

So langt har tolv saker blitt meldt til Norsk pasientskadeerstatning knytt til den eksperimentelle behandlinga.

Ti av sakene fekk avslag og to fekk delvis medhald.

– Vil dette få nokre konsekvensar for sjukehusa?

– Eg håpar jo at vår rapport kan bidra til ein fagleg diskusjon om korleis ein betre sikrar denne typen utvikling i faget. Det er jo ynskjeleg at ein stadig forbetrar metodar og at ein stadig gjennomfører klinisk forsking, men då må ein ha stålkontroll på det å overvake resultata slik at dei nye metodane ikkje får uheldige konsekvensar for pasientane, seier Iden.

Har endra rutinane

Avdelingssjef ved gastrokirurgisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus, Børge Løge, seier i ein e-post til NRK at ein slik type kirurgi burde vore gjennomført i ein forskingsprotokoll/-regi parallelt med gjennomføring av kirurgien.

– Me gjennomførte tre slike inngrep med supervisjon frå operatør frå eit anna universitetssjukehus, etter først å ha hatt opplæring i England. Alle pasientane var godt informert om inngrepets art, og om til då kjente komplikasjonar, i forkant av operasjonen. Alle har blitt følgt opp godt i etterkant.

I lys av dette har dei mellom anna endra rutinane ved nye operasjonsmetodar, forklarer Løge.

Les også SUS åpner egen pandemipost for gravide

Brukt som ein studie

På Ahus blei denne operasjonsmetoden innført som ein prospektiv studie.

Dei forklarar at alle pasientane fekk munnleg og skriftleg informasjon om metoden, samt skjema for samtykke til underskrift. No vil dei gå gjennom rapporten for å bruka den i deira lærings- og forbetringsarbeid.

– Me syns UKOM sin rapport beskriv utfordringane med å innføra nye kirurgiske behandlingsmetodar godt. Den peiker på ein rekke viktige punkt som må sikrast for at nye metodar innan kirurgi kan takast i bruk på ein trygg måte, seier avdelingsleiar Geir Bøhler ved Gastrokirurgisk avdeling på Akershus universitetssjukehus (Ahus)

NRK har vore i kontakt med Helse Bergen, men dei ynskjer å setje seg inn i den nye rapporten før dei kommenterer innhaldet.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg