– Me slapp opp på tiltaka for nokre veker sidan, og det skulle me vel aldri ha gjort

Vindafjord kommune har innført påbod om munnbind i helseinstitusjonar etter smitteauke. På slakteriet Fatland er 27 smitta.

Fatland Ølen i Vindafjord

På dette slakteriet i Ølen i Vindafjord er 27 tilsette koronasmitta.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Den siste veka er det registrert 50 koronasmitta i Vindafjord kommune i Rogaland der det knapt bur 9000 innbyggjarar. I tillegg har det dei siste timane kome inn 13 positive svar på hurtigtestar.

Store delar av smitten kan knytast til den lokale hjørnesteinsbedrifta Fatland Ølen, der 27 personar er smitta.

– Me slapp opp på tiltaka for nokre veker sidan, og det skulle me vel aldri ha gjort. Nå har me sett inn tiltaka me hadde før. Me har munnbind og me har stengt kantina igjen, seier dagleg leiar Svein Fatland.

Rammar drifta

Han seier at det er halvanna veke sidan dei fekk inn melding om det første tilfellet.

– Me merker det jo på drifta når det nå er 27 smitta. I tillegg til dei som er ute må alle nå testa seg, seier Fatland

Totalt jobbar det 400 personar på Fatland Ølen. Den daglege leiaren opplever det som ei utfordring at enkelte tilsette på arbeidsplassen ikkje vil ta vaksine.

Ifølgje kommunen er har 18 av dei 50 smitta i kommunen ikkje tatt vaksine.

Daglig leder Svein Fatland i Fatland Ølen AS

Svein Fatland er dagleg leiar på Fatland Ølen.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Påbod om munnbind

nettsidene sine skriv Vindafjord kommune at dei har innført påbod om at tilsette i institusjonane, heimetenesta og fellesareal i bufellesskap skal bruka munnbind. Det same gjeld for besøkande på institusjonane.

Kommuneoverlege Terje Kleiven skriv at smitteauken ikkje er definert som eit utbrot, men at det smittetala går oppover.

– For å hindra smitten i å spreia seg, er det viktig at dei uvaksinerte vaksinerer seg. Me oppmodar også alle til å vera nøye med smittetiltak som å halda avstand, sprita og vaska hender. Det er også viktig å tenka seg om i høve til kor mange nærkontaktar ein har, seier Kleiven.

Så langt er det registrert 221 smitta i Vindafjord sidan pandemien starta.

Talet på innlagde aukar

I dag kunne også Helse Fonna opplysa om at talet på innlagde med covid-19 på Haugesund sjukehus nå er høgare enn det har vore på lenge.

Det er fire innlagde. Ein får intensivbehandling.

Sist føretaket hadde like mange innlagde var i april.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 19.01.2022
65 220
Smittede siste 7 dager
238
Innlagte
1 383
Døde
4 301 660
Vaksinerte