NRK Meny

Kollisjon med sau på E39

E39 på Ognøy i Bokn har nett opna etter å ha vore stengt på grunn av eit trafikkuhell like før klokka åtte i dag tidleg. Ifølgje politiet er det truleg snakk om ein MC-førar som har kollidert med ein sau. Føraren av motorsykkelen er ein mann i 60-åra som er frakta til Stavanger universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent, men han var medviten etter uhellet.