Hopp til innhold

Kollektivselskap tar ulovleg høge faktura-gebyr: – Ein slags uheldig noregsrekord

Ruter og Vy tar 270 kroner i fakturagebyr frå snikarar på buss og tog. Kolumbus har varsla at dei gjer det same frå nyttår. Forbrukarrådet seier praksisen er ulovleg.

Billettkontrollør

Kontrollørar i Stavanger skriv ut bot til ein passasjer utan billett.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Vy og Ruter i Oslo krev frå 1. oktober 270 kroner i fakturagebyr for passasjerar som blir tatt utan billett, og som ikkje betalar på staden.

Kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland har varsla at dei gjer det same frå nyttår.

– Dette er noko av det høgaste eg har sett av fakturagebyr. Det er ein slags uheldig noregsrekord, seier fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet.

Jorge Jensen

Fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen.

Foto: Forbrukerrådet

Han er klar på at dette ikkje er lovleg.

I Finansavtalelova, som blei innført 1. januar i år, står det tydleg at gebyret ikkje kan vera høgare enn dei faktiske kostnadane selskapet som sender dei ut har, ifølge Jensen.

Han opplyser at kollektivselskapa kan setje ut jobben til bedrifter som tar 10 kroner for å sende ut ein faktura. Så 270 kroner er høgst urimeleg.

– Er det ulovleg å ta så høge fakturagebyr?

– Ja, desse selskapa har tatt eit gebyr som ikkje er i tråd med regelverket, seier Jensen.

Kolumbus, det fylkeskommunale kollektivselskapet i Rogaland, har varsla dei same fakturagebyra som Ruter og Vy. Det skjer frå 1. januar 2024.

Passasjerar reagerer

Madli Must Nybø og Kristoffer Mathias Botnen Gustafson har nettopp kome med bussen frå sentrum og til Universitetet i Stavanger på Ullandhaug.

– Når eg ser at det kostar så mykje å få sendt ein faktura, så ser det ut som at hensikta er å presse folk til å betale på staden. Då er det vanskelegare å klage i ettertid, sidan du alt har sendt pengane frå deg, seier Botnen.

Madli Must Nybø og Kristoffer Mathias Botnen Gustafson

Madli Must Nybø og Kristoffer Mattias Botnen Gustafsson

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nybø tenkjer på dei som ikkje har pengar på konto til å gjera opp for seg med det same.

– Det er jo dumt at det skal gå ut over dei fattigaste, seier ho.

Brukar ein annan lov

– Me tar gjerne ein dialog med Forbrukarrådet om praksisen vår, seier Cathrine Myhren-Haugen, kommunikasjonssjef i Ruter.

Cathrine Myhren-Haugen, kommunikasjonssjef i Ruter

Cathrine Myhren-Haugen, kommunikasjonssjef i Ruter.

Foto: Ruter

Ho viser til at Samferdselsdepartementet i mai i år godkjente at Ruter kunne auke tilleggsavgifta, og at Forbrukartilsynet då ikkje hadde noko kritisk innspel til søknaden.

– Gebyra skal også ha ein preventiv effekt og bidra til at flest mogeleg reiser med gyldig billett, seier Myhren-Haugen, som understrekar at Ruter ikkje tener pengar på fakturagebyret.

Når det gjeld det reint juridiske så viser Ruter til Yrkestransportlova i staden for Finansavtalelova, som Forbrukarrådet meiner er den rette.

Morten Nesvik

Kommunikasjonsmedarbeidar Morten Nesvik i Kolumbus

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus, Morten Nesvik, seier at det er for tidleg for selskapet å uttale seg i denne saka.

Det vil dei først gjera når dei får endeleg godkjenning frå Samferdsledepartementet.

Bør vurdere tilbakebetaling

I utgangspunktet kan folk nekte å betale eit så høgt fakturagebyr, seier Jensen i Forbrukarrådet.

Han seier samstundes at det kan bli brysamt for den som nektar, men avviser at det nåverande regelverket godkjenner innkrevjing av dette fakturagebyret.

– Kva bør kollektivselskapa gjera nå, etter di meining?

– Først og fremst må selskapa slutte å ta så mykje betalt i fakturagebyr. Deretter må dei vurdere kor mange som alt har betalt gebyret som skal få pengar igjen, seier Jensen.

Billettkontroll Rogaland

Forbrukarrådet kritiserer ikkje billettkontrollane. Det er storleiken gebyret for å få tilsendt ein faktura, dei meiner er ulovleg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Han seier at dette er eit viktig område å markere seg på for Forbrukarrådet. 2–300 kroner ser ut til å vera små fillebeløp. Men samla så blir det betalt 4 milliardar kroner i gebyr kvart år her i landet, seier Jensen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg