Sigurd Klomsæt tok ut stemning mot staten, og saka skulle gått for retten 14. til 16. desember.
Etter Strasbourg-saka leverte Klomsæt ei spesifisert arbeidsoppgåve til fylkesmannen i Rogaland, der han kravde betaling for 400 timar. Men Fylkesmannen ville berre betala for 50 timar, og dermed klaga Klomsæt til departementet. Dei auka timetalet til hundre.
Fredag kom partane fram til eit forlik, som betyr at Klomsæt får dekka 225 timar arbeid.
Klomsæt seier at opp mot omkostnadsrisikoen det alltid er å saksøka staten, blant anna sakskostnader, er forliksresultatet akseptabelt. Han er like fullt bekymra.
- Det å nå fram mot Staten i saker der det er gjort overgrep mot einskildmenneske er eit så omfattande arbeid og ei så stor belasting, at det er rimeleg å forventa at Noreg gjer opp for seg. Når staten taper ei sak i menneskerettsdomstolen er det ikkje rett å ta att ved å nekta å betala advokaten, seier Klomsæt og legg til -det er misbruk av makt.