Hopp til innhold

KLAGER PÅ RYFAST-ENTREPRENØR:

Ryfast-sjef Gunnar Eiterjord i Vegvesenet går i Stavanger Aftenblad hardt ut mot entreprenøren AF-gruppa, som utfører arbeid i samanheng med bygginga av Ryfast-tunnelen. Han meiner at entreprenøren ikkje bruker gode nok lenser, noko som igjen fører til forureining langs strandsona i området der tunnelen blir bygd. Eiterjord vedgår at det er Vegvesenet som er ansvarlege som byggherre, men seier at AF-gruppa fleire gonger har oversett krava deira om betre lenser. Nå er delar av arbeidet på tunnelen stansa fram til lensesituasjonen er avklart. Anleggsleiar Kjell Marvin Lavik hos AF Decom seier han ikkje kan kommentera saka, sian teieplikt er ein del av kontrakta med Vegvesenet.

Flere nyheter fra Rogaland