Kjedekollisjon på Forus

Tre av bilførarane som var involverte i ein kjedekollisjon på motorvegen, fekk bot for ikkje å ha tatt omsyn til vikeplikta. Ulukka skjedde rett før ni, på Forus. Airbagen i to av bilane blei utløyste, og det eine feltet blei stengt i lengre tid.