Hopp til innhold

Karmøy: Folkehøgskuleelev til sjukehus etter dykkarulukke

Ein elev ved Karmøy folkehøgskule fekk problem under eit dykk i sjøen i ettermiddag og er frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Blikshavn

Dykkarulukke ved Blikshavn på Karmøy torsdag ettermiddag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Klokka 14.48 melder politiet om ei dykkarulukke ved Blikshavn på Karmøy.

Det var ein dykkar som fekk problem under eit dykk og måtte få hjelp av andre dykkarar på staden.

Vedkommande er elev ved Karmøy folkehøgskule.

– Det var folk på staden som tok opp ein livlaus person. Det blei utført førstehjelp og seinare blei vedkommande frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, seier politibetjent William Storesund ved Haugesund politistasjon, til NRK.

Det er oppretta kriseteam for dei som var vitne til ulukka.

– Me veit ikkje skadeomfanget for dykkaren per nå, men pårørande er varsla, opplyser Storesund.

Politiet har gjort undersøkingar på staden. Vitne til hendinga er også avhøyrde.